Reshma Sikotra kjøpte jakke til 3000 kroner:
Nettbutikk reserverte 25.000
kroner på kontoen hennes
– Vi legger oss langflate. Det er mye penger for de aller fleste
Politiet måtte fredag jaga bort masteaksjonistar i Hardanger. – Dei hindrar helikoptre i å landa og utset både seg sjølv og pilotene for fare, hevdar politiet. – Dette kjenner me oss ikkje igjen i, svarar aksjonistane.
– Me fekk melding frå Statnett om at aksjonistane har tatt seg opp til nokre mastepunkt og spring i terrenget for å hindre helikoptra i å landa. Ved å gjera dette utset dei både seg sjølv og helikopterpilotane for fare, seier Asbjørn Andersen, fungerande stabssjef ved Hordaland politidistrikt til TV2.no.
For å hindra Statnett i å setja opp kraftmaster, har aksjonistane tatt seg opp til nokre mastepunkt som ligg rundt to timars gange frå Ålvik, mellom Roaldsdalen og Svartafjellet.
Det aksjonistane gjer no, kan ikkje bere straffast med bøter, aksjonistane risikerer og å hamna i fengsel. Det kan rammes av straffelovens paragraf 150, som har en strafferamme på inntil seks års fengsel.
LES OGSÅ: Her blir Synnøve (20) pågrepet etter maste-protest
Denne gongen fekk ikkje aksjonistane bøter.
NEI TIL MASTER: Masteaksjonistane held fram aksjonen sin mot kraftlinja mellom Simadalen og Samnanger,
– No er alle bortvist frå området, og drifta går som normalt der oppe, seier Andersen.
Han seier at aksjonistane etterkom pålegget.
Kor lenge vil de halda på og jaga vekk aksjonistar?
– Me held på så lenge me må.
LES OGSÅ: Her blokkerer Hardanger-aksjonistene monstermastarbeidet
– Kva betyr det?
– Det betyr det eg sa, svarar Andersen.
Leiar for Hardangeraksjonen, Lars-Helge Ljone, var sjølv på Ålvikfjellet og aksjonerte på fredag.
– Dette kjenne me oss ikkje igjen i. Me har ikkje gjort dette, sjølv om Statnett sikkert hevdar at me har gjort det, seier Ljone.
Han seier at dei fem aksjonistane delte seg på to mastepunkt.
– Me sat for det meste i ro og halvsov, hevdar Ljone.
– Men politiet hevdar at dei har fått beskjed om at de var til fare for helikopter og dykk sjølve?
LES OGSÅ: Synnøve er kampklar mot strømmastene
– At politiet har fått melding om det er nok rett. Men det betyr ikkje at det er sant for det seier Ljone.
STILLER MANNSSTERKE OPP: Politet seier dei held på så lenge dei må, med å fjerna aksjonistar som aksjonerer ulovleg. Her frå aksjonen på torsdag. Foto: TV 2
Han seier at politiet dukka opp med fem - seks mann.
– Og når dei oppmoda oss om å flytta oss, gjorde me det, seier han.
– Mastebygginga er i gang, er ikkje denne kampen tapt?
– Eg har lyst til å oppmoda heile Noreg til å stilla opp og visa at den linja vil me ikkje ha, Me har ikkje gjeve opp. Kampen er nett byrja, seier Ljone.
– Men me har gjeve oss for dagen, det har me lova politiet. Og me held det me lovar, legg han til.
Hardangeraksjonen har vorte belønna med store bøter dei siste dagane.
– Kven er det som betalar desse bøtene?
LES OGSÅ: Her er aksjonistene på plass i monstermast-traseen
– Dei må me nok ta sjølve. Men dei fleste seier at dei ikkje vil godta bøtene, seier Ljone.
– Og demokratiet er vel verd nokre netter i fengsel, seier han.
– Alternativet er å gje opp. Og det har me ikkje lyst til, sluttar han.
(NTB/TV 2)
| Publisert | 08.07.2011 15.31 |
| Oppdatert | 08.07.2011 15.31 |
– Vi legger oss langflate. Det er mye penger for de aller fleste
