Politikerbråk om pengegave til Haiti

Senterpartiets stortingsgruppe oppfordrar alle heiltidspolitikarar til å gi 1000 kroner av eiga lomme i gåve til Haiti. – Senterpartiet brukar ei alvorleg sak til å kapre seg plass i riksmedia, seier Harald Tom Nesvik frå Framstegspartiet.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

Senterpartiet si stortingsgruppe sender no brev til dei parlamentariske leiarane på Stortinget for å få alle stortingsrepresentantar til å gi 1000 kroner av eiga lomme til Haiti. Dei har rekna ut at dersom alle landets heiltidspolitikarar gir 1000 kroner kvar så vil det gi minst 683.000 kroner til jordskjelvofra.

TRIST: Harald Tom Nesvik fra Frp reagerer på utspillet.TRIST: Harald Tom Nesvik fra Frp reagerer på utspillet. Foto: Solum, Stian Lysberg/SCANPIX

Pr-utspel

Harald Tom Nesvik frå Frp reagerer skarpt på utspelet.

- Eg synes det er trist et politikarar prøver å slå politisk mynt på ei så alvorleg sak. Kvar enkelt stortinsgrepresentant må gå i seg sjølv og finne ut kor mykje han vil gi. Dette er eit underleg utspel og kun eit forsøk på å kapre plass i riksmedia, seier Nesvik til Tv2.

Bør politikere åpne lommeboka? Si din mening nederst i saken!

Hjarterått

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Sp er initiativtakar til innsamlinga og synes reaksjonen frå Harald Tom Nesvik er hjarterå.

- Vi er menneske vi også og har behov for å vise at vi bryr oss. Eg er sikker på at innsamlinga blir godt motteken av andre heiltidspolitikarar. Dette er ikkje eit forsøk på billeg pr. Hadde Nesvik hatt rett kunne ikkje musikarar halde innsamlingskonsertar for Haiti utan å bli skulda for å promotere seg sjølv, seier ho til TV 2.

Gåva kjem fram

Jenny Klinge garanterer at gåva frå politikarane kjem fram.

- Senterpartiet har god kontakt med hjelpeorganisasjonen Care. Det finns mange organisasjonar som pengane kan gjevast til og som syter for at hjelpa når dei som treng det mest. Er alle med på dette skal vi klare å få inn minst 683000 kroner. Det er pengar det også, seier Jenny Klinge som ikkje legg skjul på at ho er mektig irritert over reaksjonen frå Frp sin Harald Tom Nesvik.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Comments powered by Disqus
  

Isfront før kampen
- ellevill jubel etterpå

• Rykter om slåssing i spillertunnelen i pausen
• Dommeren måtte skjerme jublende Evra etter kampen

Kamper kl. 16.00: Blackburn-QPR, Bolton-Wigan, Fulham-Stoke, Everton-Chelsea, Sunderland-Arsenal, Swansea-Norwich.


reklame