Norske isbrear har gått kraftig tilbake

Nye målingar frå NVE viser at 22 av 27 norske isbrear har gått kraftig tilbake i år samanlikna med i fjor. Sidan 1900 har Nigardsbreen i Luster i Sogn gått tilbake 2400 meter.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

På 1990 talet gjekk dei norske isbreane kraftig fram, men framgangen stopp rundt 1997–98.

– Det er vanleg at breane minkar og veks over tid, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy i Norges vassdrags- og energidirektorat.

På 1920-talet gjekk dei fram, men i det neste ti året førte ei varmeperiode til at dei gjekk kraftig tilbake. Etter 1998 har dei gått tilbake, men det kan stoppe opp dersom vi får meir nedbør. Sjølv om det blir varmare kan nedbøren framleis kome som snø i høgda, seier han.

Brearmane minkar

Rundt Jostedalsbreen har sju av elleve målte brear trekt seg tilbake meir enn 20 meter i 2009. Kjenndalsbreen og Bødalsbreen i Stryn og Fåbergstølsbreen i Luster gjekk tilbake mest med 93, 52 og 59 meter.

Då målingane starta ved Jostedalsbreen rundt 1900 var mange av brearmane 1 til nesten 3 km lengre enn i dag. Nigardsbreen var 2400 meter lengre og den berømte Briksdalsbreen 900 meter lengre.

14% av brearealet i Norge er med på målingane.

Sein respons

Isbreane reagerer seint på endringar i klima. Mykje snø eit år på toppen av Jostedalsbreen gir utslag på brearmaane først fleire år seinare.

– Det tek tid før overskot av nedbør blir skuva ut i brearmane, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy. I fjor snøa det mykje på Jostedalsbreen, men vi vil sjå resultatet av dette først om nokre år. Varmare klima kan derimot gi kortare vintrar og det kan auke smeltinga av brearmane i låglandet, seier han.

BREAR SOM HAR GÅTT MEST TILBAKE I 2009

Kjenndalsbreen, Stryn – 93 meter

Fåbergstølsbreen, Luster -59 meter

Bødalsbreen, Stryn – 52 meter

BREAR SOM HAR GÅTT MEST TILBAKE SIDAN 1900 – 1902

Nigardsbreen, Luster – 2400 meter

Engabreen, Svartisen – 2200 meter

Hellstugubreen, Jotunheimen – 1100 meter

Rembesdalsskåka, Eidfjord (1917) – 1100 meter

Storbreen, Jotunheimen – 1100 meter

Buerbreen, Odda – 750 meter

Bondhusbrea, Kvinherad – 750 meter



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Skryter av norsk togreise
Skryter av norsk togreise
Isbreene er fortsatt på slankekur
Isbreene er fortsatt på slankekur
 
Comments powered by Disqus

  

– Etter hvert stopper motoren, og dette er beklagelig. Det skal ikke skje, men det skjer og vi må forholde oss til det

 Følg terrorsaken i TV 2s livesenter

  

– Det gikk kaldt nedover
ryggen på meg

Politioverbetjent Håvard Gåsbakk reagerte på det Breivik sa under pågripelsen

  

– Ungdommene i båten var veldig skeptiske til meg
Politimannen (31) var den første som ankom Utvika

  

– Jeg vil si Breivik gjorde en
tabbe ved å spare meg

Lydloggene: Store
sambandsproblemer
under aksjonen

Lydloggene: Her
pågripes Breivik
på Utøya 22. juli

Lydloggene: Politiet
snakker kun om én
gjerningsmann


reklame