Martin Halla vant The Voice
– Det er uvirkelig
«The Voice»-vinnerens kjæreste, Maria Therese Bertås (24), kan ta mye av æren for Martins seier.
Se intervjuer og reaksjoner etter sending
Ålesund TV 2 Nyhetene Norske forbrenningsanlegg kan bli fyrte med olje fordi svenskane kjøper opp norsk søppel.
Avgifta på norsk søppel må fjernast fordi avgiftsfrie svenskar utkonkurrerer norske forbrenningsanlegg i kampen om råstoffet.
Det meiner Siri A. Meling frå Høgre som tek saka opp i spørjetimen i Stortinget onsdag.
20.000 vogntog årleg med norsk søppel til Sverige. Det kan bli resultatet dersom den norske søppelavgifta ikkje blir fjerna.
LES OGSÅ: Nordmenn på søppeltoppen
Svenskane tek vekk avgifta neste haust og forhandlar alt no kontrakter med norske leverandørar av søppel. Norske forbrenningsanlegg har tapt store kontrakter og må sjå seg om etter andre brenselkjelder for å kunne levere fjernvarme til kundane sine.
Tafjord Kraftvarme i Ålesund har tapt kontrakter og ventar å tape fleire.
– Vi klarer ikkje å konkurrere med svenskane når vi må betale 100 kroner pr. tonn i avgift til staten, seier dagleg leiar Odd Helland i Tafjord Kraftvarme til TV 2 Nyhetene.
Dei må fyre med olje dersom alt søppelet forsvinn til Sverige for å oppfylle kontraktene om levering av fjernvarme til store delar av Ålesund.
Stortingsrepresentant Siri A. Meling frå Høgre tek saka opp i spørjetimen i morgon.
– Høgre meiner avgifta må fjernast. Det er lite miljøvenleg å sende 20.000 trailerlass med norsk søppel til Sverige. Norsk søppel bør brennast i Norge, seier Meling til Tv2.
Ho stiller også spørsmål om økonomien.
– Her har staten støtta bygginga av norske fjernvarmeanlegg med to milliardar kroner for å bygge ut miljøvenleg energi. Då er det dårleg økonomi og lite miljøvenleg å oppretthalde ei avgift som gjer at desse anlegga taper kampen om råstoffet, seier Siri A. Meling som stiller spørsmål til Miljøvernminister Erik Solheim i spontanspørjetimen onsdag.
| Publisert | 15.12.2009 19.07 |
Martin Halla vant The Voice
«The Voice»-vinnerens kjæreste, Maria Therese Bertås (24), kan ta mye av æren for Martins seier.
Se intervjuer og reaksjoner etter sending
Magne Furuholmen skrøt av «sin» The Voice-finalist
