TIL TOPPS: Norske fjordar er for andre gong kåra til verdas beste reisemål. Geirangerfjorden (biletet) er blant dei mest kjende fjordane i Noreg.
TIL TOPPS: Norske fjordar er for andre gong kåra til verdas beste reisemål. Geirangerfjorden (biletet) er blant dei mest kjende fjordane i Noreg. Foto: Knut Fjeldstad / SCANPIX

Norske fjordar er verdas beste reisemål

Dei norske fjordane er kåra til verdas beste reisemål av National Geographic – igjen.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det er betre å reise til dei norske fjordane enn Serengeti parken i Tanzania i følgje 437 reiseekspertar som har vurdert 133 reisemål i det anerkjende magasinet National Geographic si kåring.

VAKKERT: Trass i sitt spektakulære dyreliv og slettelandskap når ikkje nasjonalparken i Serengeti til topps i National Geograpics kåring av verdas beste reisemål.VAKKERT: Trass i sitt spektakulære dyreliv og slettelandskap når ikkje nasjonalparken i Serengeti til topps i National Geograpics kåring av verdas beste reisemål. Foto: AFP PHOTO/Roberto SCHMIDT / SCANPIX

Dei norske fjordane får toppscore med 85 av 85 mulege poeng og utklassar mellom anna Maya ruinane i Copan, Honduras, kysten av California frå Santa Barbara til Monterey og det skotske høglandet.

Serengeti får 71 poeng- så det er ingen tvil om vinnaren.

Levande fjordar

Det er andre gong norske fjordar går til topps i kåringa. Sist var i 2004.

Har du vore i Geiranger? Del dine inntrykk i kommentarfeltet nederst i artikkelen

SUNNMØRE: Det enkle er ofte det beste. Fjord, fjell og natur selger som aldri før.SUNNMØRE: Det enkle er ofte det beste. Fjord, fjell og natur selger som aldri før. Foto: Erik A. Drabløs / Wikimedia Commons

Fjordane våre går til topps fordi det i tillegg til eit fantastisk landskap viser fram eit levande jordbruk som blir «heltemodig bevart», ifølgje panelet til National Geographic.

Kort sagt får turistane oppleve naturen, men også at det lever og bur folk der.

– Vi håpar denne kåringa skal setje søkelys på både reisemål i toppen, men også dei som ikkje når opp, seier direktøren for «Center for Sustanaible Destinations», Jonathan Tourtellot, som har gjennomført kåringa for National Geographic.

Honnør til fjordfolket

Monja Muren Mjelva, som driv Union Hotel i Geiranger saman med mannen Sindre, er nesten mållaus av glede når TV2 ringer.

– Dette er heilt fantastisk, seier ho.

JUBLAR: Monja Muren Mjelva og Sindre Mjelva driv Union Hotel Geiranger i lag.JUBLAR: Monja Muren Mjelva og Sindre Mjelva driv Union Hotel Geiranger i lag. Foto: Morten Holt

– Vi er så glade at vi nesten ikkje finn ord. Samstundes blir vi audmjuke over å nå til topps i ei kåring der Grand Canyon i USA kjem på 66 plass. Det er også ein honnør til arbeidet som folket langs fjordane gjer for å halde kulturlandskapet i hevd. Utan deira formidable innsats gjennom generasjonar hadde vi aldri nådd til topps.

Håper på fleire turistar

Monja Muren Mjelva trur ikkje at kåringa fører til eit rush av fleire turistar slik med ein gong.

– For Geiranger sin del har vi vore eit kjent og godt etablert reisemål i meir enn hundre år. Då vi kom på Unescos verdsarvliste fekk vi ikkje mange fleire turistar, men vi har håp om å utvide sesongane – at det kjem fleire turistar heile året og ikkje berre om sommaren, sier Mjelva.

– Uansett inspirerer dette oss til å jobbe knallhardt vidare for å halde posisjonen som verdas beste reisemål, jublar hotellsjefen.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Avstemning
Fortener Noreg å vinne kåringa?
Les også:
Amerikansk romsdals-
reklame verdt 150 millioner 
* Se den spektakulære videoen
Amerikansk romsdalsreklame verdt 150 millioner

I kveld går programmet «60 Minutes» om basehopparane i Romsdalsfjella her på TV2.

Norge rundt 
på «60 Minutes»
Norge rundt på 60 Minutes

En nasjon av basehoppere i vakker natur. Slik presenteres Norge i et innslag på det amerikanske TV-programmet «60 Minutes».

UNESCO advarer mot kraftlinje i Geiranger
UNESCO advarer mot kraftlinje i Geiranger

Den norske UNESCO-kommisjonen anbefaler istedenfor sjøkabler nær verdensarvområdet Geirangerfjorden.

Cruiseskip lakk olje
Lekker olje fra cruiseskip i Geirangerfjorden

Lenser lagt ut etter utslipp fra cruiseskip i Geiranger.

Cruiser mot nye rekorder
Cruiser mot nye rekorder

De største cruisehavnene i Norge får flere gjester i år enn i fjor. Cruiseturismen trosser finanskrisen.

 
Comments powered by Disqus

  

– Etter hvert stopper motoren, og dette er beklagelig. Det skal ikke skje, men det skjer og vi må forholde oss til det

 Følg terrorsaken i TV 2s livesenter

  

– Det gikk kaldt nedover
ryggen på meg

Politioverbetjent Håvard Gåsbakk reagerte på det Breivik sa under pågripelsen

  

– Ungdommene i båten var veldig skeptiske til meg
Politimannen (31) var den første som ankom Utvika

  

– Jeg vil si Breivik gjorde en
tabbe ved å spare meg

Lydloggene: Store
sambandsproblemer
under aksjonen

Lydloggene: Her
pågripes Breivik
på Utøya 22. juli

Lydloggene: Politiet
snakker kun om én
gjerningsmann


reklame