– Eg har opplevd mykje rart i mine år på Ikea, seier Odd Rune Bjørge.

Han er sjef for Ikea sitt varehus i Bergen og har tidlegare jobba på varehuset i Stavanger.

Bryllaupsbilete i ballrommet

Fleire gonger må dei kasta born ut av ballrommet for at andre skal sleppa til.

– Det er mange som kontaktar oss for å få tatt bryllaupsbileta sine i ballrommet vårt, seier Bjørge.

LES OGSÅ: Ikea i Spania fikk 55.000 søkere til 380 jobber

Sengene til Ikea er og svært populære.

– Folk har ein tendens til å sovna i sengene våre, men det tek me berre som eit godt teikn, seier han og ler.

Dei tilsette vekker ikkje dei sovande.

– Nei, me ser på det som god reklame, seier han.

TEK SEG FEM MINUTT: Denne kvinna tek seg ein fem-minuttar medan ho handlar på Ikea i Beijing. (Foto: AFP PHOTO / Mark RALSTON)

Årleg er det over to millionar besøkande innom Ikea i Bergen. I byrjinga av mai opna dei eit nytt varehus i byen, og sidan då har det vore 600.000 menneske innom.

LES OGSÅ: Kjører 200 hjemløse til Ikea – i protest mot billige kjøttboller

Det er gjerne menn i alderen 40 pluss som sovnar.

– Det kan jo tyda på at dei vert slitne av å gå på handletur med konemor, legg seg nedpå sengene våre og sovnar, fortel han.

Men det stoppar ikkje der. På langt nær.

– Me har opplevd at folk tek den lenger, stadfestar han.

Tar folk i å ha sex på Ikea

– Folk går inn i leilegheitene me har bygd. Der kan folk gå inn, og me har opplevd at folk har vist litt for stor kjærleik for kvarandre, stadfestar han.

LES OGSÅ: Hevder politiske fanger i DDR måtte lage Ikea-møbler

Han seier at det har skjedd fleire gonger på Ikea i Bergen.

VENTAR: Dette paret ventar medan barnet deira kvilar ut på ei utstillingsseng på Ikea i Beijing (Foto: AFP PHOTO / Mark RALSTON)

Enkelte tar det så langt at dei vert oppdaga langt ned i dynene.

– Medan andre ikkje bryr seg så mykje om dei vert oppdaga, seier han.

Han peikar på at mange av dei som kjem til Ikea er par som skal flytta saman for fyrste gong og er oppover øyrene forelska.

– Av og til vert freistinga for stor, seier han.

– Vi vil gjerne at folk nyttar Ikea frå vogge til grav, men me treng ikkje vera med på unnfangelsen, seier han og ler.

– Tvinger de folk til å kjøpa sengene etter at dei har gått vel langt i å testa fjærene?

TESTAR: To amerikanarar visar her korleis du bør testa fjærene i sengene på Ikea. Ikkje slik som dei gjer i Bergen. Sjølv om det truleg er kjekkare. (Foto: Spencer Platt/Getty Images/AFP)

– Nei, det gjer me ikkje. Me ber dei kle på seg og anmodar dei om at slikt skal skje utanfor Ikea, svarar han.

Russeknutar og folk som set seg ned på golvet i butikken for å meditera opplever dei og.

LES OGSÅ: Ikea til Tromsø

Men det er ikkje berre i Noreg kundane legg seg til å sova i sengene på Ikea.

Byrjar å koka mat inne i butikken

Som bileta viser har kinesarar på handletur ein tendens til å legga seg til å sova i senger og på sofaer.

– Eg har til og med høyrd om folk som set seg ned på golvet midt i varehuset og byrjar å koka maten sin, seier kommunikasjonssjef i Ikea Noreg, Camilla Lindemann til tv2.no.

LES OGSÅ: Ikea til kamp mot Ikea-konkurranse

Difor er det kanskje ikkje unaturleg at det er vestlege som bur i Kina som reagerer mest på desse bileta av kinesarar som legg seg til å sova på Ikea, med fult av handlande rundt seg.

– Ikea, eg er verkeleg imponert over toleransen dykkar, skriv ein på nettstaden Chinahush.com.

Har du opplevd bisarre eller morosame episodar på Ikea? Del dei med oss i kommentarfeltet!

1998: Det er no over fjorten år sidan Ikea opna sin fyrste butikk i Kina. No har dei butikkar i elleve byar i fastlandskina, i tillegg til tre i Hong Kong. (Foto: AFP PHOTO/GOH Chai Hin)