Polsk selgjar dreit på trappa

Då kvinna nekta «selgjaren» å låna toalettet, sette han seg på huk på trappa til kvinna og gjorde frå seg. – Ikkje slepp dei inn!, seier politiet.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– Dette er åtferd som ikkje liknar noko som har med folkeskikk å gjera, seier etterforskingsleiar ved Kvinnherad lensmannskontor, Sigurd Børve til tv2.no.

Drittpakka vart levert til ei eldre dame i Kvinnherad kommune i Hordaland, torsdag kveld.

Del på facebook

– Dette berre stadfestar at det ikkje er snakk om ærlege folk på jakt etter arbeid, seier han.

Innpåslitne «seljarar»

Det var lokalavisa Kvinnheringen som fyrst skreiv om saka.

LES OGSÅ: Hissige polakker selger leker og trefigurer på folks dører

Politiet i sunnhordlands-kommunen fekk torsdag melding om at fleire personar i Rosendal var blitt oppsøkt av utanlandske personar, polakkar for det meste, som ville selja diverse suvenirar.

Personane snakka ikkje, men viste ein lapp med ei påskrift. Nokre av desse personane skal ha vore særs innpåslitne.

Og altså hjå ei kvinne valde ein av dei å gjera frå seg på trappa då han ikkje slapp inn i huset hennar.

– Me føler at dette ein del gonger er påskot for å driva kartlegging for kriminell verksemd, seier Børve.

Han seier at polakkane oppsøker folk heime for å gjera seg kjent med kva som er verd og stela og ikkje. Særleg eldre folk vert oppsøkt.

– Me var ute i går og kontrollerte fleire av dei. Fleire av dei er dømt for vinningsforbrytelsar frå før av, seier han.

Prøvde å komma seg inn på gamleheimen

På Halsnøy prøvde dei å komma seg inn på romma til dei gamle på sjukeheimen.

– Der vart dei avvist av dei tilsette, seier Børve.

«Selgjarane» skal og ha vore innom Stord, opplsyer han.

Politiet har no ekstra høg beredskap i helga for å hindra moglege innbrot i den langstrakte kommunen.

LES OGSÅ: Politiet i Finnmark fikk «døvstumme» til å snakke

Børve seier at dei ikkje er van med innbrot i privatbustader.

– Men me har hatt nokre båttjuveri, som har vore openbart planlagt. Mellom anna har to båtar som var stolne i Kvinnherad vorte stoppa ved svenskegrensa, utan at båteigarane sjølve visste at båtane var vekke, seier Børve.

– Slepp dei ikkje inn!

No oppmodar han folk over heile landet å vera årvakne.

– Me ynskjer at folk noterer seg bilnummera og gjerne kvar dei rører seg. Og ein må for all del ikkje sleppa dei inn i huset, sluttar Børve.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Politiet i Finnmark fikk «døvstumme» til å snakke

Dørselgere i en minibuss på tiggerturné i Finnmark denne uken utga seg for å være døvstumme. Men politiet fikk de i tale.

Hissige polakker selger leker og trefigurer på folks dører

Politiet har tirsdag fått minst 30 henvendelser fra frustrerte brønnøysundere. – Dørselgerne tar ikke nei for et nei, sier politiet.

Kristne tok små barn inn i buss og lovet helbredelse
Kristne tok små barn inn i buss og lovet helbredelse

– Datteren min kom hjem og sa hun skulle bli frisk for den alvorlige matallergien sin, sier en opprørt far i Uskedalen.

Styrmannen sovnet - skipet grunnstøtte
Styrmannen sovnet - skipet grunnstøtte

Styrmannen på skipet Mirabelle har innrømmet at han sovnet på vakt. Han våknet da skipet gikk på grunn i Kvinnherad i Hardanger tidlig fredag morgen.

Ivrige PC-selgere med sleipt salgstriks
Ivrige PC-selgere med sleipt salgstriks

Nettbutikken Nettopp24s gateselgere misbrukte TV 2 hjelper deg i markedsføring, hevder kunde.

Advarer mot useriøse selgere
Advarer mot useriøse selgere

– Ikke inngå spareavtaler du ikke forstår.

Securitas Direct prøvde å lure seg inn til Heidi, Inga Marte og Maria
Securitas Direct prøvde å lure seg inn til Heidi, Inga Marte og Maria

Forbrukerombudet refser sikkerhetsfirmaet etter at en en rekke nordmenn har blitt lurt av selgere som utgir seg for å være inspektører.

 

reklame