På denne gården lagde Breivik bomber

Politet stadfestar at Anders Behring Breivik laga bomber på garden sin. Dei trur og han laga bomba som tok livet av minst sju personar i Oslo her.

Del med andre:
Twitter Epost Del Facebook
 

– I kva grad kan du stadfesta at det er her bombene er vorte laga?

– Det kan me stadfesta, seier Sverre Sørberg, innsatsleiar hjå Elverum politistasjon til TV 2.

LES OGSÅ: Politiet: – Meget omfattende arbeid gjenstår på Utøya

– Me veit han laga bomber her

– Me kan stadfesta at den pågripne har budd her sidan april i år og han har laga bombe her, det veit me, seier han.

Saka held fram under biletet

GARDEN: På denne garden vart terrorbomba som råka Oslo sentrum, fredag, truleg laga.GARDEN: På denne garden vart terrorbomba som råka Oslo sentrum, fredag, truleg laga. Foto: Erik Friestad/TV 2

Og han har laga den bomba som vart brukt i regjeringskvartalet?

– Det veit eg ikkje. Men det er ting som tydar på at det har skjedd, stadfestar han ovanfor TV 2.

– Korleis jobbar de no på staden?

– No er det tekniske etterforskarar som jobbar her og finkjemmer heile garden og dokumenterer alt som er her. Både med henblikk på det som er skjedd og eventuelt om det er andre som er involvert her, seier han.

LES OGSÅ: Utøya-angrepet: Tidenes verste skytemassakre

– Korleis vil det vidare arbeidet her utvikla seg?

– Det er for tidleg å seia, men no jobbar me her og ut frå funna me gjer vil det styra den vidare etterforskinga og den vidare saksgangen, seier han.

Hasj-gard

Garden som Behring Breivik budde på har tidlegare vore kjent i media.

I 2006 slo beredskapstroppen til politiet til mot garden for de dei drev på med hasjdyrking finansiert med utbyttet etter Nokas-ranet.

Tidlegare i dag fekk Reuters stadfesta at Anders Behring Breivik har kjøpt seks tonn med kunstgjødsel hjå Felleskjøpet.

– Det er ei lita, men vanleg ordre hjå oss, seier kommunikasjonsdirektør Oddny Estenstad i Felleskjøpet til TV 2.

LES OGSÅ: Utenlandsk media rydder forsiden etter terroren i Norge

Ho seier at ein ikkje må fortelja kva ein skal bruka det til når ein bestiller frå dei.

– Nei, dette er registeret hjå Mattilsynet og har ingen restriksjonar, seier ho.

Årleg sel Felleskjøpet mellom 250-300.000 tonn med kunstgjødsel i Noreg.

Behring Breivik er ein ny kunde hjå Felleskjøpet. Han registrerte seg i vår.

– Korleis oppdaga de at han var kunde hjå dykk?

– Verka som ein hyggelig kar

– Det var ein av våre tilsette som fulgte med i media, spekulerte litt, gjekk inn i systemet vårt og fann ut at han var kunde hjå oss, seier ho.

– Kjenner de til at kunstgjødsel kjøpt hjå dykk tidlegare er vorte brukt i kriminelle handlingar?

– Nei, det har me aldri gjort før, seier ho.

Saka held fram under videovindauga. Reporter: Erik Friestad

Arild Tangen køyrer drosje på Rena. På torsdag kveld køyrde han Anders Behring Breivik heim til garden hans.

– Eg kunne aldri gjetta på at han kunne vore involvert i noko slikt. Tvert imot tenkte eg at han var ein hyggelig fyr og at han gjerne kunne verta buande i bygda, seier han til bt.no.

LES OGSÅ: Politiet tror 32-åring opererte alene

– Han virka som ein skikkeleg kar. Roleg, høfleg og hyggelig. Det var ingenting ved han som skulle tilseia at han var galen, legg han til.

Tina Larsen bur på nabogarden.

Sjuk person

– Det er veldig ekkelt når ein bur her med små ungar. Det er ikkje noko moro. Han har kanskje sutte på nabogarden og laga bomber. Det er ikkje noko kjekt, seier ho til TV 2.

– Har du noko inntrykk av han?

– Nei, det har eg ikkje. Eg har heller ikkje sett han, seier ho.

LES OGSÅ: Minst 91 bekreftet drept etter terrorangrepet

– Kva var det fyrste du tenkte då du høyrde nyheitene i går?

– Kva slags sjuk person kan gjera noko slikt? Du er ikkje normal når du gjer slike ting, seier ho.

SEKS TONN: Anders Behring Breivik kjøpte seks tonn med kunstgjødsel. Her er noko av det han har kjøpt på garden hans. SEKS TONN: Anders Behring Breivik kjøpte seks tonn med kunstgjødsel. Her er noko av det han har kjøpt på garden hans. Foto: Erik Friestad/TV 2



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Politiet bekrefter: Minst 85 døde funnet på Utøya
Politiet bekrefter: Minst 85 døde funnet på Utøya
Politiet: – Meget omfattende arbeid gjenstår på Utøya
Politiet: – Meget omfattende arbeid gjenstår på Utøya
«Morderen begynte å skyte. Han ladet. Skjøt mer. Han skjøt de rundt meg»
«Morderen begynte å skyte. Han ladet. Skjøt mer. Han skjøt de rundt meg»
Utøya-angrepet: Tidenes verste skytemassakre
Utøya-angrepet: Tidenes verste skytemassakre
Kongefamilien besøkte pårørende
Kongefamilien besøkte pårørende
Anders Behring Breivik (32) i Oslo ble pågrepet etter bombe og massedrap
Anders Behring Breivik (32) i Oslo ble pågrepet etter bombe og massedrap
– Vi skal ta deg til et sted der noen kan hjelpe deg!
– Vi skal ta deg til et sted der noen kan hjelpe deg!
Væpnede soldater fra Kongens Garde skal vokte Oslo sentrum
Væpnede soldater fra Kongens Garde skal vokte Oslo sentrum
Stoltenberg: – Utøya ble forvandlet til et helvete
Stoltenberg: – Utøya ble forvandlet til et helvete
Slik var mareritt-fredagen
Slik var mareritt-fredagen
Minst 91 bekreftet drept etter terrorangrepet
Minst 91 bekreftet drept etter terrorangrepet
Slik snakker du med barna om terrormassakren
Slik snakker du med barna om terrormassakren
Fabian Stang: – Vi skal ikke resignere!
Fabian Stang: – Vi skal ikke resignere!
Ekstremistekspert om Breivik: – Ingen ensom galing
Ekstremistekspert om Breivik: – Ingen ensom galing
Kongen ber oss stå sammen
Kongen ber oss stå sammen
AUF-lederen: – Han tok fra dem livet, men han kan aldri ta fra dem det de 
trodde på
AUF-lederen: – Han tok fra dem livet, men han kan aldri ta fra dem det de trodde på
Siv Jensen: – Terrorsiktede var tidligere medlem av Fremskrittspartiet
Siv Jensen: – Terrorsiktede var tidligere medlem av Fremskrittspartiet
– Gjerningsmannen skjøt folk i hodet for å forsikre seg om at de var døde
– Gjerningsmannen skjøt folk i hodet for å forsikre seg om at de var døde
Politiet tror 32-åring opererte alene
TV2 sender nyheter kontinuerlig i minst et døgn fremover
Ung mann pågrepet på Sundvolden hotell
Ung mann pågrepet på Sundvolden hotell
Flere drepte fortsatt på Utøya
Flere drepte fortsatt på Utøya
Utenlandsk media rydder forsiden etter terroren i Norge
Utenlandsk media rydder forsiden etter terroren i Norge
Stoltenberg: – Det var viktig for meg å fortelle de pårørende at hele verden 
tenker på dem
Stoltenberg: – Det var viktig for meg å fortelle de pårørende at hele verden tenker på dem
Politiet: – Sundvolden-pågripelse ikke sammenheng med massakren
Politiet: – Sundvolden-pågripelse ikke sammenheng med massakren
 

Kommentarer er fjernet etter kl. 00.00 og blir åpnet igjen kl. 06.00.

reklame