Dette selskapet ga oss
halv pris på gullet
Vi sjekket med alle selskapene som tar imot gull, ett skilte seg ut
– Eg forventar at politiet straffar Hoksrud, seier tilsett ved PRO-sentret.
– Han har forbrott seg mot norsk lov, og då forventar eg han vert straffa, seier Liv Jessen.
Ho er spesialkonsulent ved PRO-sentret, Pro Sentret blei oppretta i 1983 som Oslo kommunes hjelpetiltak for kvinner og menn i prostitusjonen. Pro Sentrets verksamheit er tufta på dei statlege og kommunale planar som føreligg omkring prostitusjon. Oslo kommune har som eit uttalt mål å bidra til forebygging av vald, seksuelle overgrep og prostitusjon.
Jessen seier at det ikkje er formildande at Hoksrud er stortingspolitikar eller at han kjøpte sex i utlandet, og ikkje i Noreg.
– Stortingspolitikarar bør vera ekstra nøye med å følgja norsk lov, og kan ikkje velja å sjå vekk frå den sjølv om ein er ueinig, seier ho.
Det var på TV 2 Nyhetene at det vart kjent at Bård Hoksrud hadde kjøpt sex medan han var på tur til Riga. Med seg hadde han tre politikarar frå ungdomspartiet FpU.
LES OGSÅ: Stortingspolitiker kjøpte sex i Riga
Jessen meinar det er alvorleg at ein stortingspolitikar kjøper sex.
– Fordi ein forventar at ein stortingspolitikar er såpass ordentleg at han ikkje bryt norsk lov, seier ho.
PRO-sentret har ikkje tal frå etter at den nye sexkjøpslova vart sett i verk, men seier at eldre tal viser at 85 prosent av menn som kjøper sex, gjer det i utlandet.
Den nye sexkjøpslova er klår på at det ikkje er lov for nordmenn å kjøpa sex i utlandet. Difor kan Hoksrud verta straffa etter norsk lov.
Det forventar og Jessen at han vert.
– Om ikkje sender det eit signal om at det ikkje er så nøye om ein kjøper sex eller ikkje, peikar ho på.
– Og politiet er ivrige nok på å ta dei kundane dei kjem over i Oslo, legg ho til.
– Har nokon nordmenn nokon gong vorte straffa for å ha kjøpt sex i utlandet?
– Nei, ikkje som eg har høyrd om, sluttar ho.
LES OGSÅ: Per Sandberg om sexkjøpet: – Han er villig til å trekke seg fra alle verv
Nestleiar i partiet, Per Sandberg, seier det er svært beklageleg det Hoksrud har gjort.
Han meinar at Hoksrud bør trekkja seg, om det vert iverksett politietterforsking.
– Hoksrud har sagt til meg at han vil trekka seg, om partiet vil han skal gjera det, seier Sandberg.
| Publisert | 21.09.2011 23.30 |
| Oppdatert | 22.09.2011 11.41 |
Vi sjekket med alle selskapene som tar imot gull, ett skilte seg ut
