LURT: Fleire straumkundar i Vestfold og Telemark fekk besøk av folk som sa dei var frå Skagerak energi. Når vedkomande var ferdig måtte dei skriva under på eit papir. Lite visste dei då at dei samstundes bytta straumlevrandør.
LURT: Fleire straumkundar i Vestfold og Telemark fekk besøk av folk som sa dei var frå Skagerak energi. Når vedkomande var ferdig måtte dei skriva under på eit papir. Lite visste dei då at dei samstundes bytta straumlevrandør. Foto: Johansen, Erik/SCANPIX

Hafslund svindla til seg Fjordkraft sine kundar

Overivrige selgarar frå straumgiganten Hafslund lurte intetanande kundar til å byta kraftlevrandør. Utan at kundane skjønte kva som eigentleg skjedde.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det er avisa Varden som skriv om den sleipe måten å skaffa seg nye kundar.

Seljarar hyra inn for å gjera ein jobb for Hafslund presenterte seg som om dei skulle lesa av straumen, på oppdrag frå Skagerrak energi. Etter at dei var ferdige med «jobben» bad dei kundane om å skriva under på eit skjema.

Del på facebook

Lite visste dei då at dei med det hadde bytt kraftleverandør.

Mange er truleg ikkje klar over bytet enno

Andre skal ha sagt ja til å få eit pristilbod frå Hafslund, men i realiteten så bytta dei kraftleverandør der og då. Dette skal ha skjedd både via dørsal og telefonsal.

– Dette er heilt uakseptable salsmetodar, seier Jeanne K. Tjomsland, direktør for HR og kommunikasjon i Fjordkraft til tv2.no.

Saka held fram under biletet
HARD KAMP OM KUNDANE: Dei kjemper hardt om kundane, men no kan Hafslund sine seljarar ha gått litt for langt i Telemark og Vestfold.HARD KAMP OM KUNDANE: Dei kjemper hardt om kundane, men no kan Hafslund sine seljarar ha gått litt for langt i Telemark og Vestfold. Foto: Hval, Morten/SCANPIX

LES OGSÅ: Strømkunder ber om hjelp med sjokkregning

Ho seier at dei framleis ikkje har oversikt over kor mange kundar det eigentleg er snakk om.

– Men me har fått mange tilbakemeldingar, og mange kundar veit truleg ikkje om det enno, seier ho.

SKUFFA: Jeanne K. Tjomsland meinar at Hafslund sine seljarar har optrådd uetisk. Men førebels er det ikkje aktuelt å melda konkurrenten til politiet. SKUFFA: Jeanne K. Tjomsland meinar at Hafslund sine seljarar har optrådd uetisk. Men førebels er det ikkje aktuelt å melda konkurrenten til politiet. Foto: Fjordkraft Ho viser til at ein av dei som ufrivillig hadde bytt straumleverandør fyrst vart gjort merksam på det når Fjordkraft ringte han og lurte på om han ikkje hadde vore nøgd med å vera kunde hjå dei.

– Dette er ein uetisk måte å selja på, seier ho.

– No reknar me med at Hafslund ryddar opp i dette, og sluttar med denne måten å selja på, seier ho.

Fjordkraft likar ikkje metodane

Ho forventar at dei kundane som ufrivillig har bytt leverandør, vert flytta tilbake til Fjordkraft igjen.

Tjomsland seier at Fjordkraft har sendt tre brev til Hafslund berre dei siste to vekene.

– Det er greitt å konkurrera, men denne måten å stela kundar på, tykkjer me ikkje noko om, seier ho.

LES OGSÅ: Slik bytter du strømleverandør

Tjomsland seier at Fjordkraft har opplevd liknande måtar å mista kundar på før, men då var ikkje Hafslund involvert.

Informasjonssjef Katarina Finneng i Hafslund seier til tv2.no at det er ein uærleg seljar som står bak det heile, frå eit innleidd selskap.

– Med ein gong me skjønte kva som skjedde, ba me om at han vart fjerna frå prosjektet. Me har og sagt opp avtalen med det aktuelle selskapet, seier ho.

– Men Fjordkraft seier at dette har skjedd både via telefonsal og dørsal? LEG SEG FLAT: Informasjonssjef Katarina Finneng i Hafslund seier til tv2.no at det er ein uærleg seljar som står bak det heile, frå eit innleidd selskap. 
¿ Med ein gong me skjønte kva som skjedde, fjerna me han frå prosjektet. Me har og sagt opp avtalen med det aktuelle selskapet, seier ho. LEG SEG FLAT: Informasjonssjef Katarina Finneng i Hafslund seier til tv2.no at det er ein uærleg seljar som står bak det heile, frå eit innleidd selskap. ¿ Med ein gong me skjønte kva som skjedde, fjerna me han frå prosjektet. Me har og sagt opp avtalen med det aktuelle selskapet, seier ho. Foto: Fjordkraft

– Desse sakene gjeld berre dørsal. Me har og hatt telefonsal i området, som me har fått ein klage på, seier ho.

– Betrar ikkje omdømet til Hafslund

– Så at det kjem opp no er litt rart, då me ikkje har fått fleire meldingar enn den eine når det gjeld telefonsal, seier ho.

Finneng seier at dei no har byrja å ta kontakt med alle dei nye kundane dei har fått i Vestfold og Telemark for å forsikra seg om at dei aktivt ynskte å bytta.

– Om dei ikkje gjorde det, bytar me dei tilbake til Fjordkraft. Me vil ikkje ha kundar som føler seg lurt, seier ho.

LES OGSÅ: Strømnettet i Oslo og Akershus må rustes opp for 11 milliarder

– Dette er ikkje noko som skal skje, og det er ikkje eit selskap me vil samarbeida meir med, legg ho til.

– Kva gjer dette med omdømet til Hafslund?

– Me ser jo at det ikkje gjer det betre i alle fall. Det er svært beklagelig at det blir sånn når det er snakk om ein seljar og eit selskap som me har klare retningslinjer ovanfor, sluttar ho.

Fjordkraft sjølv har nyleg vore i hardt ver, då Forbrukarrådet i eit brev kravde at selskapet slutta med å visa til rådet i bannerlysingar og på sine heimesider. Årsaka var at Forbrukarrådet aldri har anbefalt selskapets straumavtale

Det rådet retta selskapet seg etter.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Slik bytter du strømleverandør
Slik bytter du strømleverandør

Det er ingen grunn til å være trofast mot en dyr strømleverandør. Du kan bytte på et blunk.

Strømkunder ber om hjelp med sjokkregning
Strømkunder ber om hjelp med sjokkregning

Strømleverandørene opplever stor økning i antall kunder som ønsker å dele opp vinterens store strømregning.

BMW på topp hos norske kunder
BMW har de mest fornøyde kundene

Og bilmerkene tar hele pallen på liste over kundetilfredshet.

Nå kommer sjokk-regningen
Nå kommer sjokk-regningen

Strømregningen som er på vei til din postkasse vil være mye høyere enn regningen du fikk sist gang. Men strømsparere i hovedstaden kan slippe unna.

Bergensere er rappkjefta
Bergensere er rappkjefta

Alle vet at bergensere snakker høyt, men nå er det statistisk bevist at de også snakker fort.

Kaldere vær førte til høyere strømpriser
Kaldere vær førte til høyere strømpriser

Til tross for fulle vannmagasiner.

Strømnettet i Oslo og Akershus må rustes opp for 11 milliarder
Strømnettet i Oslo og Akershus må rustes opp for 11 milliarder

Og regningen får du og jeg.

Derfor må du betale mer for strømmen
Derfor må du betale mer for strømmen

Ikke bare været som gir utslag i prisen du betaler.

Hafslund varsler gigantisk prishopp
Hafslund varsler gigantisk prishopp

Vannmagasinene nærmest renner over som følge av det våte året. Det hindrer likevel ikke Norges største strømselskap, Hafslund, i å sette opp prisen på strøm.

Frykter høyere strømpriser hos flere kraftselskap
Frykter høyere strømpriser hos flere kraftselskap

Senioranalytiker John Brottemsmo i Bergen Energi forventer at andre følger Hafslund og skrur opp prisene.

 
Comments powered by Disqus
  

Dette selskapet ga oss
halv pris på gullet

Vi sjekket med alle selskapene som tar imot gull, ett skilte seg ut

Les også: Plutselig var Karins gull verdt 22 000 mer


reklame