Egon (89) lå død i sengen i 29 dager
Alle visste at Egon var død. Likevel ble liket hans liggende i eldreboligen i over fire uker
– Vedtaket om å byggje den omstridde kraftlina i Hardanger gjer at vi føler oss hjelpelause, seier motstandarane mot den nye kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog.
I haust skal regjeringa avgjere klagebehandlinga på bygginga av den nye kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre. Linja har vore like omstridd som den regjeringa no har bestemt skal byggjast i Hardanger.
– Vi føler saka alt er avgjort og at det har vore bestemt sidan 2005, seier Eli Anne Tvergrov som er leiar i grendalaget for Stavseth og Ytre-Standal i Hjørundfjorden. Dei som bur her må leve ved sidan av 15 til 45 meter høge kraftmaster dersom luftlina blir valt.
GIR IKKE OPP: Eli Anne Tvergrov, leiar i grendalaget for Stavseth og Ytre-Standa. Foto: Tv 2
– Det handlar om framtida vår. Blir luftlinja bygd er det berre å pakke saman og flytte frå Hjørundfjorden, seier ho til TV2 Nyhetene.
Statnett har fått konsesjon på bygging av linja, men saka er no til klagebehandling i Olje og Energidepartementet. Senior kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang seier i ein e- post til TV2 Nyhetene at det ikkje er klart når det blir fatta ei avgjerd. Statnett søkte for ein månad sidan om å få byggje frå Fardal til Ørsta og la den siste omstridde delen vente.
Inge Kolås i aksjonen mot kraftlinja seier han er villig til å legge seg i lenker for å stoppe utbygginga.
– Det handlar om framtida til ungane våre og at det skal bu folk her, men det er klart at mange føler det er ein håplaus kamp når vi ser kva som har skjedd i Hardanger, seier han.
– Vi har framleis håp om at politikarane tek til vit. Vi tek vedtaket om Hardangerlina forferdeleg tungt og eg veit om fleire som har lyst til å reise ned for å støtte motstandarane der, men vi gir ikkje opp. Vi skal kjempe, seier Eli Anne Tvergrov til TV2 Nyhetene.
| Publisert | 05.07.2010 18.38 |
| Oppdatert | 06.07.2010 09.42 |
Alle visste at Egon var død. Likevel ble liket hans liggende i eldreboligen i over fire uker
