Kjøpte flyskole for elevenes penger

Eigaren av den konkursråka flyskulen NEIA i Ålesund brukte elevane sine pengar til å investere i ein ny flyskule i USA. Bustyrar vurderer å melde saka til politiet.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

Konkursen i flyskulen NEIA i Ålesund førte til at om lag 50 elevar på praksis i Florida i USA, tapte fleire hundre tusen kroner kvar. Elevane stod ribba tilbake då den norske flyskulen blei slått konkurs 11 februar i år.

Usemje om flytimar

Bustyrar Bjarte Aambø hevdar det var usemje om kor mange flytimar elevane skulle ha ein av årsakene til konkursen.

– NEIA hevda dei hadde ein muntleg avtale om 275 timar flytid for kvar elev. Pelican fakturerte opp til 320 timar. Dermed blei det eit gap mellom det elevane hadde betalt til NEIA og det flyskulen i USA kravde, seier bustyrar Bjarte Aambø til TV 2. Kravet frå Pelican i konkursbuet er på 3,6 millionar kroner.

Ifølgje ein rapport frå Ernst& Young i november 2009 hadde den norske flyskulen drive for kreditor si rekning frå juni same år. Likevel blir det tatt opp nye elevar som gjer avtale om å betale inn 720.000 kroner kvar for flygarutdanning.

Den daglege leiaren Svein-Jonny Tømmervåg fortel Luftfartstilsynet i fleire e-postar at han jobbar med å få på plass ein investor som kan sikre vidare drift.

LES OGSÅ: Flyskole politianmeldt: Elever føler seg rundlurt

Kjøper flyskule

18. desember 2009 investerer NEIA om lag 150.000 kroner i flyskulen Chesapeake Proflight i Baltimore. Dette stadfestar bustyrar Bjarte Aambø til TV 2.

Svein-Jonny Tømmervåg skriv i ein e-post til Luftfartstilsynet 8. januar 2010 at dei tek sikte på å «innleie eit samarbeid» med denne skulen.

Dette er altså ein skule dei har kjøpt. Pengane til kjøpet kjem frå det som elevane har betalt inn.

Bakgrunnen synes å vere at samarbeidet med flyskulen Pelican i Florida er så dårleg at NEIA ikkje vil drive vidare.

Konkursen i NEIA sette elevane i ei kattepine og bustyrar Aambø har hatt mange telefonar frå frustrerte foreldre og elevar som fryktar at pengar og utdanning er tapt.

Spørsmålet blir om tidlegare leiar Svein- Jonny Tømmervåg i NEIA saman med andre tek sikte på å få ein ny flyskule i drift, og om han har brukt elevane sine pengar til å kjøpe seg inn i den skulen då NEIA dreiv for kreditor si rekning.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Flyskole politianmeldt: Elever føler seg rundlurt
Flyskole politianmeldt: Elever føler seg rundlurt

Over 50 norske elever føler seg rundlurt etter å ha betalt flere hundre tusen kroner for en pilotutdanning i USA. Nå er flyskolen politianmeldt

 

– GUD TILGIR OVERGREP:

  

Denne predikanten mener
etterforskningen kan være
verre
enn overgrepet

Silvia Henriksdóttir hevder overgrep i barndommen ble tiet i hjel av menigheten.

 Se video: Predikanten mener han gjorde det rette


reklame