Norges gulljenter
vant for Dale Oen
Først fosset Sara Nordenstam inn til seier - så gjorde Ingvild Snildal dagen komplett
På 1960-talet plaga ei kvinne kong Olav så mykje at han måtte be politiet om hjelp.
Dette fortel prinsesse Astrid, fru Ferner, til TV2 i programmet som er laga i høve åttiårsdagen hennar.
Etter at kronprinsesse Märtha døydde i 1954 blei kronprins Olav enkemann. Han gifte seg aldri opp att, men spekulasjonane om at han hadde andre kvinner var mange.
Dette visste kong Olav om, seier prinsesse Astrid, fru Ferner.
– Han sa at dette var noko stort tøys, og då stoler man på det, seier prinsessa til TV 2.
Les også: Prinsesse måtte gå på sosialen
Det var særleg ei kvinne som gjorde alt for å gi næring til rykta.
Prinsesse Astrid seier ikkje kven ho var, men etter det TV2 veit skal det ha vore ei kjend forretningskvinne frå Oslo. Pressa visste om henne, men ingen skreiv om det.
Søndag kan du se heile intervjuet med prinsesse Astrid, fru Ferner, i programmet «Prinsesse for tre konger» klokka 21.45 på TV 2. Foto: TV 2
– Kvar gong det stod i avisa kvar kong Olav skulle vere så dukka denne kvinna opp som om det var avtalt spel, men ho hadde kun avtale med seg sjølv ikkje med far, fortel prinsesse Astrid, fru Ferner.
Prinsessa fortel vidare at denne kvinna blei så nærgåande at kong Olav måtte be politiet om hjelp.
– Det måtte han gjere for å halde henne unna, seier ho.
Se videoreportasje øverst.
Prinsesse Astrid fortel til TV2 at kong Olav kunne vere einsam, men det var aldri nokon andre kvinner i livet hans enn kronprinsesse Märtha
– Dette sa han mange gonger. Hugs at det aldri har vore nokon andre enn mor, seier prinsesse Astrid, fru Ferner som altså fyller 80 år søndag.
Søndag kan du se heile intervjuet i programmet «Prinsesse for tre konger» klokka 21.45 på TV 2.
| Publisert | 12.02.2012 20.59 |
| Oppdatert | 12.02.2012 21.41 |
Først fosset Sara Nordenstam inn til seier - så gjorde Ingvild Snildal dagen komplett
