Norges gulljenter
vant for Dale Oen
Først fosset Sara Nordenstam inn til seier - så gjorde Ingvild Snildal dagen komplett
Jeanette Johansen startet sin egen sjokoladefabrikk i lokalene til den nedlagte flyplassen på Værøy i Lofoten.
Gründaren frå Værøy har bevist at det går an. I den vesle øy-kommunen i Lofoten har ho lukkast med å starta sjokoladefabrikk.
–
EROTISK SJOKOLADE: Små og store sjokoladepenisar er blant produkta Lofoten Sjokolade kan by på. Foto: TV 2
99,9 prosent sa til meg. Dette her kan du ikkje gjera, dette her kan du
ikkje starta, fortel Jeanette Johansen innehavar av Lofoten Sjokolade.
TVILTE: Ordførar i Værøy Harald Adolfsen var blant dei som tvilte på sjokoladefabrikkideen. Foto: TV 2
Ordføraren i Værøy var blandt dei som tvilte på Johansen sin idé.
– Vi meinte at sjokolade ikkje var det rette produktet å satsa på i ein øykommune langt ute i havet, seier Harald Adolfsen.
På Trollhavna i Værøy, i lokala til den nedlagde flyplassen, blir sjokolade laga og pakka og sendt ut.
– Tyskarane er heilt gal etter denne her erotiske sjokoladen, fortel Johansen og viser fram sjokoladepenisar av mørk sjokolade i ulike variantar.
Se video av Jeanette og sjokoladefabrikken hennes øverst.
FRA FLY TIL SJOKOLADE: Her i dei nedlagde flyplasslokala på Værøy held Lofoten Sjokolade til. Foto: TV 2
Regjeringa vil ha fleire gründarar opp å stå. 20 millionar kroner skal brukast til å bistå gründarar landet rundt med ei eiga mentorordning.
– Eg trur dette er ei viktig ordning for at framtidige gründarar skal opp og stå.
– Difor rullar me ordninga ut over heile landet no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) på besøk i Johansen sin sjokoladefabrikk i Lofoten.
| Publisert | 19.02.2011 20.11 |
| Oppdatert | 22.02.2011 17.55 |
Først fosset Sara Nordenstam inn til seier - så gjorde Ingvild Snildal dagen komplett
