ÅPENHET: Statsminister Jens Stoltenberg avbildet under regjeringskonferansen etter terroranslagene mot Regjeringsbygget og Utøya 22.juli 2011.
ÅPENHET: Statsminister Jens Stoltenberg avbildet under regjeringskonferansen etter terroranslagene mot Regjeringsbygget og Utøya 22.juli 2011. Foto: Roald, Berit/Scanpix

Ingen tek deg på ordet, Jens

Har det vorte meir demokrati, openheit og humanitet, spør TV 2s nyhetsredaktør Jan Ove Årsæther.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

Av Jan Ove Årsæther, nyhetsredaktør TV 2

Klokka er 22.38. Alle nyheitsstasjonar i verda sender direkte. Statsminister Jens Stoltenberg snakkar i kamera, berre få timar etter at terror har ramma Utøya og i Oslo. Kven som står bak er enno ikkje kjent. Verda ventar ord om nådelause reaksjonar mot terrorisme. Det som kjem er noko heilt anna:

«Vårt svar er mer demokrati, mer åpenhet og mer humanitet. Men aldri naivitet.»

Del på facebook

Desse orda vil kanskje vere det Stoltenberg vil verte hugsa best for i si politiske karriere. Politikarar og media verda over har merka seg den uvanlege norske responsen på ufatteleg brutalitet. I sosiale medier vert Stoltenberg framleis utropt som «a hero of 2011». Det var ikkje bodskap om humanitet og openheit resten av verda venta.

Kontrasten til regjeringssjefar som skal markere handlestyrke gjennom å love hemn og utslettelse når terror rammar, kunne ikkje vore større.

Spørsmålet er, har det vorte meir demokrati, openheit og humanitet?

Som nyhetsredaktør er eg mest oppteken av openheit. Som i mitt hovud også er sjølve grunnlaget for dei to andre omgrepa. Eit lukka samfunn kan aldri vere spesielt demokratisk eller humant.

Overraskande mange har valgt glatt å ignorere Stoltenberg sine ord. Ansvarlege personer som nyt stor tillit. La meg ta dei grellaste døma:

  • Regjeringa sin eigen granskingskommisjon hadde knapt sett seg i arbeid før den ba seg unntatt frå offentlegheitslova. Kommisjonen meinte den måtte få lov å arbeide utan at nokon skulle kike den i korta, gjennom dei lovfesta innsynsrettane vi har i det norske demokratiet.
  • Det vert ofte teke til orde for den slags, også i denne saka, nemleg at domstolar og granskingskommisjonar må få arbeide utan innsyn. Underforstått; kommisjonar og domstolar gjer aldri feil. Det er ei grov mistyding. Den som er usamd i dette bør lese seg opp på lagnaden til Fritz Moen og konsekvensane av at media hadde ei haldning om at domstolen alltid har rett.
  • Dei pårørande har gong etter gong fått avslag på førespurnader om å få høyre lydloggane etter nødtelefonane til politiet, der deira kjære ba fortvila om hjelp. Avslaget er vanskeleg forstå. At dei pårørande har behov for å høyre opptaka og vite mest mogleg, er tilsvarande lett å skjøne. Det betyr slett ikkje at vi i media skal kringkaste opptaka.
  • Mange har teke til orde for at hele saka bør tiast ihjel, også rettsmøter, fengslingsmøter og høringar i Stortinget. Framleis kjem det slike henvendelsar til media. Men tvert imot er det viktig å vise at gjerningsmannen er i samfunnets varetekt og rettssamfunnet går sin gang.
  • Politiet har framstått som svært lukka. Den manglande viljen til å gi innsyn og vere audmjuk har skapt sterke reaksjonar. Også internt i politiet. ”Politiet burde valgt meir openheit. Hemmeleghaldet er skadeleg”, har Arne Johannesen i Politets fellesforbund uttalt. Han er kritisk til at til dømes rapporten frå Nordre Buskerud politidistrikt framleis er hemmeleg, lang tid etter at den var ferdig utarbeida. Dette er ein nøkkelrapport i forhold til tidsbruken til politiet.
  • Det var heilt sjølvsagt at media dekka rekonstruksjonen med Vidkun Quisling på Trandum. Tittelen over bildet i Aftenposten i 1945 var «Quisling tilbake i dødsskogen». Men det var feil ifølge mange, at VG dekka ein tilsvarande rekonstruksjon på Utøya i fjor haust.
  • Vi har hatt ein lang og lite verdig debatt om ytringsfridom i haust; kva er lov og kva er ikkje lov til å uttrykke. Berre det er eit prov på at mange ikkje har teke oppmodinga om openheit som vart kringkasta allereie første kvelden etter terroren.

Media sine viktigaste oppgåver i dekninga av terroraksjonane er å bidra til å 1.) Forklare korleis terroren kunne skje, 2.) Avkle ideologien og 3.) Peike på eventuelle svakheiter i systemet, slik at det ikkje skjer igjen.TV 2s nyhetsredaktør, Jan Ove Årsæther.TV 2s nyhetsredaktør, Jan Ove Årsæther. Foto: Håvard Solem/TV 2

Stortingsrepresentant Trine Skei Grande (Venstre) er den som har uttrykt dette aller mest presist: «Det viktigste en stat kan gjøre er å beskytte sine innbyggere, og det klarte vi ikke».

Journalistikk som bidrar til at svakheiter blir retta opp må imøtekomast på det sterkaste og ikkje stengast ute. Først då kan vi snakke om meir demokrati.

Del på facebook

Min konklusjon er dermed eintydig, vi har underleg nok fått mindre openheit etter 22. juli.

Men kan Stoltenberg klandrast for det? Han har rykka ut og sagt han ikkje var komfortabel med den debatten om ytringsfridom generelt og omgrepet «ytringssansvar» spesielt. Altså gått i rette med AUF-leiar Eskil Pedersen som lanserte omgrepet. Statsministerens kontor gir også kommisjonen innsyn i alle regjeringa sine interne notat og protokollar, som normalt er hemmelege.

Paradokset er at ingen andre har tatt signalet frå Stoltenberg. Og hans kontor har heller ikkje sendt ut eit einaste dekret til departement og underliggande etatar med sterk oppmoding om å vise openheit og kvifor dette er viktig for meir demokrati.

– Det vil vere utidig innblanding, har statssekretær Hans Kristian Amundsen (Ap) sagt på spørsmål om dette.

Der er eg sterkt usamd. Det vil tvert om vere både tillitsskapande og ansvarsfullt å setje makt bak dei flotte orda, som alle er samde om har sett både regjeringssjefen og landet vårt i eit godt lys. Når så få har lytta til orda, endar det opp med å vere nettopp det.

Berre ord.

 


Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Comments powered by Disqus
  

Norges gull-jenter
vant for Dale Oen

Først fosset Sara Nordenstam inn til seier - så gjorde Ingvild Snildal dagen komplett


reklame