UNGE: Stadig fleire unge nordmenn vert uføre. Psykiske lidingar står bak dei fleste tilfella. Frå 35-års alderen er det flest kvinner som er uføretrygda i Noreg. Illustrasjonsfoto.
UNGE: Stadig fleire unge nordmenn vert uføre. Psykiske lidingar står bak dei fleste tilfella. Frå 35-års alderen er det flest kvinner som er uføretrygda i Noreg. Illustrasjonsfoto. Foto: Colourbox

Stadig fleire unge vert uføre

Psykiske lidingar er hovudårsaka til uførheit blant unge nordmenn.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– De som vert uføre i ung alder risikerar eit langt liv som uførepensjonistar, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad i ei pressemelding.

At talet unge uføre aukar må sjåast i samanheng med auken i psykiske lidingar.

Del på facebook

Det er no 4600 uføre i aldersgruppa 18-29. Det er ein auke på 300 på eit år.

Må legga til rette for psykisk sjuke

No etterlyser direktøren bedrifter som personar med ulike typar lidingar.

LES OGSÅ: Lesevansker skaper unge trygdemottakere

– Det er viktig at alle moglegheiter for å komma tilbake i arbeid vert prøvd ut. Her har Nav ei viktig rolle, men for å lukkast treng vi arbeidsgivarar som er villige til å ta i mot menneske som ikkje alltid kan yta hundre prosent. I tillegg er det viktig at den enkelte er motivert for å prøva seg i arbeidslivet, seier Lystad.

MOGLEG: Arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad meinar det er mogleg å legga til rette for psykisk sjuke i arbeidslivet.MOGLEG: Arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad meinar det er mogleg å legga til rette for psykisk sjuke i arbeidslivet. Foto: Aas, Erlend/Scanpix Han meinar at personar med tunge psykiske lidingar kan fungera i arbeidslivet, berre det vert lagt til rette for det.

– Me har fleire døme på at det er mogleg, seier han.

LES OGSÅ: Uføre kan få 30.000 mer enn yrkesaktive

Det er totalt 306.700 personar i Noreg som mottek uførepensjon, det tilsvarar 9,5 prosent av befolkninga. Det er ein auke på 9500 personar på eit år.

Flest kvinner er uføre

– At talet på uføre aukar kan forklarast med at befolkninga veks. Når me ser på delen av befolkninga som er ufør har denne halde seg på same nivå dei siste tre åra, seier Lystad.

57 prosent av alle uføre er kvinner. Det er særleg i frå 35-års alderen og oppover delen kvinner er høg.

LES OGSÅ: Flere kvinner enn menn er uføre

Flest uføre i Noreg finn du i Telemark, færrast i Oslo.

– I fylker kor befolkninga har høg alder, låg utdanning, låg inntekt, høgt sjukefråvær og høg arbeidsløyse er sannsynligheita større for at talet på uføre aukar. På grunn av stor tilflytting har Oslo ei ung befolkning. Det er ei forklaring på at Oslo har ein låg del uføre samanlikna med andre fylker, peikar Lystad på.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Comments powered by Disqus

reklame