Det seier Maja-Lisa Løchen, professor i medisin ved Det helsevitskaplege fakultet, og overlege ved hjertemedisinsk avdeling ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge til tv2.no.

Av rundt 40.000 dødsfall i Noreg årleg, døyr rundt 13.000 menneske av kranspulsåresjukdom. Fleire unge kan ha teikn til eller risiko for hjartesjukdom i kroppen, utan å vera klar over det.

Kjønn og kolesterol spelar inn

– Det er tre viktige faktorar som spelar inn på om ein er disponert for å få dette. Røyking, høgt blodtrykk og høgt kolesterolnivå er faktorar ein kan gjera noko med, seier Løchen.

LES OGSÅ: Britisk hjerteekspert om Dale Oen: – Urovekkende at ingen tenkte på hjertet

I tillegg spelar arv, kjønn og alder inn som viktige faktorar om du er disponert for å få utslag for dette.

ARVELEG: Overlege og hjertespesialist Maja-Lisa Løchen seier at Alexander Dale Oen kan ha vore arveleg belasta med tanke på hjartesjukdomen som tok livet av han. Fleire tusen nordmenn kan ha symptoma i kroppen utan å vera klar over det. (Foto: Scanpix)

– Det alle bør vita noko om, er om det er hjartesjukdomar i nær familie. Om bestefar din fekk hjarteinfarkt når han var 80 år, er det ein naturleg sjukdom. Men døde far eller mor i relativt ung alder, er det noko me legg vekt på, seier Løchen.

I 2011 var det fem menn og to kvinner under 40 år i Noreg som døydde av kranspulsåresjukdom.

– Men mange fleire får sjukdomen utan å døy, peikar ho på.

LES OGSÅ: Alexander Dale Oen kan ha vært arvelig belastet for hjertesykdommen

Om du har ei familiehistorie med far, bestefar, mor eller søsken som har døydd ein plutseleg hjartedød eller fått hjarteinfarkt tidleg, anbefalar Løchen deg å oppsøka lækjaren.

– Alder og kjønn er det lite me kan gjera noko med, men høgt blodtrykk eller kolesterol kan me behandla med medisinar, seier ho.

Tryggare for kvinner

I all hovudsak er det menn som vert råka av sjukdomen.

– Difor lever kvinner seks år lenger enn menn, seier ho.

– Kvifor er det slik?

– Det er det store spørsmålet! Me veit ikkje kva som beskyttar kvinner, men forekomsten og dødligheita av hjarteinfarkt aukar dess eldre dei vert. Men dei tek aldri igjen menn, seier ho.

LES OGSÅ: Tvillingbrødre fikk hjertestans og hjerteinfarkt med 40 dagers mellomrom

Men kvinner som røykjer er ikkje så godt beskytta.

OPPSØK LEGEN: Om du har ei familiehistorie med far, bestefar eller liknande som har døydd tidleg, anbefalar Løchen deg å oppsøka lækjaren. - Alder og kjønn er det lite me kan gjera noko med, men høgt blodtrykk eller kolesterol kan me behandla med medisinar, seier ho. (Foto: Scanpix)

– Uavhengig av kva dei gjer elles, om ei kvinne røyker, opphevast kjønnsfordelen. Og dei har like stor risiko som menn i same alder, seier ho.

Ein ting som faktisk kan beskytta deg, er alkohol!

– Alkohol kan verna

– Eit halvt glas vin eller øl om dagen for kvinner og eit heilt glas om dagen for menn beskyttar. Men drikk du meir enn det, forsvinn den beskyttande effekten, seier Løchen.

LES OGSÅ: Han finner årsaken til at folk dør

Ho trur Alexander Dale Oen hadde sjukdomen i genane sine.

– Ut i frå det eg har lest og sett på fjernsyn hadde han det frå bestefaren sin, samt at han hadde høgt kolesterolnivå. Han må ha hatt uflaks med genene sine, seier ho.

Ho meinar no at alle idrettslegar no bør sjekka familiehistoria til idrettsutøvarane med tanke på tidleg hjartedød eller hjarteinfarkt.

KOLLAPSA: Branns Carl-Erik Torp segna om under eliteseriekampen mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane Campus. (Foto: Scanpix)
LES OGSÅ: Gladnyhet for hjertepasienter: Helt trygt å ha sex

Knut Fjeldsgaard er leiaren for det medisinske teamet i Brann. Han meinar dagens kontrollar er gode nok.

– Kvart år går me gjennom det såkalla S03-skjemaet med spelarane, seier Fjeldsgaard.

To hjartesaker i Brann

Det skjemaet inngår det blant anna å spørja om familiens sjukehistorie.

– Me spør gjerne om besteforeldra døde gamle, om foreldra framleis lever. Det er viktig info, seier han.

I tillegg skal alle spelarar i Eliteserien gjennomgå ein echo core-undersøkelse før dei er 21 år. Til saman meinar han at det er godt nok.

I Brann har dei hatt to episodar med hjarteproblem på spelarane sine det siste året.

LES OGSÅ: «Ta deg sammen», sa legen. Minutter senere var John (58) død

Hausten 2011 kollapsa Carl Erik Torp på fotballbana etter ein hjartestans. Det vart ikkje funne noko på han i dei årlege undersøkingane, heller ikkje på den såkalla echo core-undersøkinga han var igjennom nokre år tidlegare.

Ein dei derimot fann noko på var keeper Øystein Øvretveit, som hadde ein unormal hjarterytme. Han måtte halda seg vekke frå fotballen i tre månader. Deretter vart han sendt til spesialist, som ikkje fann noko.

Olympiatoppen er tause

No er han tilbake på bana, og har stått fleire kampar på øvste nivå for Brann.

TAUS: Sjefslege i Olympiatoppen vil ikkje uttala seg om saker som på ein eller annan måte kan relaterast til dødsfallet til Alexander Dale Oen. (Foto: Scanpix)

Fjeldsgaard seier at ein må setja grensa ein plass for kor nøye ein skal undersøka, og kor langt ned i divisjonssystemet ein skal gå.

– Ein har uansett ingen garantiar, seier han.

LES OGSÅ: Ni «sunne» syndere som ikke er så sunne

– Ein må vera førebudd på at ved ei grundig undersøking vil ein finna ting ein elles ikkje ville funnet, men som kan vera ufarleg. Då må nokon tora å seia akkurat det, at det er ufarleg, seier Fjeldsgaard.

TV2.no har vore i kontakt med Roald Bahr, sjefslege ved Olympiatoppen, men han seier at dei ikkje vil uttala seg i denne saka.