FEKK FEM DOKUMENT TIL FRAMAND GUT: Saman med innkallinga til sonen låg fem dokument som skulle til ein annan liten gut på Vestlandet.
FEKK FEM DOKUMENT TIL FRAMAND GUT: Saman med innkallinga til sonen låg fem dokument som skulle til ein annan liten gut på Vestlandet. Foto: Privat

Haukeland sendte sensitiv pasientinfo til fremmede

To foreldrepar fikk ei rekkje personlege opplysninger om framande personar frå Haukeland Universitetssjukehus.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Hildegunn Bøkevoll syntest det var rart at det var så frykteleg mange ark i innkallinga til sonen frå Haukeland Universitetssjukehus.

– Så oppdaga eg at det var feil avdeling og ein annan gut sitt namn, fortel Bøkevoll.

Saman med innkallinga låg fem sider som skulle vore sendt ein annan liten gut, med adresse Bergen.

– Eg blei forbanna. Rett og slett. Ikkje det at det var graverande opplysninger, men at personopplysninger dumpar rett ned i ein framand postkasse er ikkje bra, seier mora frå Askøy i Hordaland.

Namn, nummer og adresse

FEKK FEM DOKUMENT TIL FRAMAND GUT: Saman med innkallinga til sonen låg fem dokument som skulle til ein annan liten gut på Vestlandet.FEKK FEM DOKUMENT TIL FRAMAND GUT: Saman med innkallinga til sonen låg fem dokument som skulle til ein annan liten gut på Vestlandet. Foto: Privat Blant opplysningane Bøkevoll fekk tilgang på var heile namnet til guten, fullt fødsels- og personnummer og adresse.

I tillegg innehaldt dei feilsende dokumenta opplysninger om kva lege som hadde vurdert guten sin situasjon.

«Vurderingen har konkludert med at pasienten har rett til prioritert helsehjelp (..) senest 12.05.11», heiter det i brevet som dumpa ned i postkassen på Askøy.

Fekk tre framande innkallinger

Ei kort stund etter fekk eit anna foreldrepar på Askøy ei liknande oppleving.

I innkallinga til barnet deira følgde det tre framande innkallinger.

I konvolutten Marianne Hermanrud opna fekk ho tilgang til namn, adresse og fødsel- og personnummer på tre vaksne personar i Hordaland.

– Dette er utruleg trist og det går ikkje an, seier Hermanrud.

– Skal ikkje skje

Haukeland Universitetssjukehus er samde i at dette ikkje går an.

– Dette er alvorleg, sånt skal ikkje skje, seier kommunikasjonsdirektør ved Haukeland Universitetssjukehus, Mona Høgli.

Ho kjenner ikkje til saken før TV2nyhetene.no tar kontakt og ber foreldra ta kontakt slik at innkallingane kjem fram til rette vedkommande.

– Foreldra ville sjølv kontakta dei det gjeld, fordi dei er redde at utan ville personane det gjeld aldri fått beskjed om at personopplysningane deira var hamna i gale hender. Ville Haukeland Universitetssjukehus opplyst om det?

– Ja, det håpar eg, seier Høgli, ho kjenner ikkje til liknande saker tidlegare, men kan ikkje garantera at det ikkje har hendt.

Dei to foreldrepara på Askøy oppdaga ganske tilfeldig at begge hadde fått personopplysninger til framande i posten av di dei har born i same barnehage.

– Krenkande for dei det gjeld

– At store etatar sender ut feil brev hender, men den reelle moglegheita for ID-tjuver på grunn av at informasjonen hamnar i gale hender er marginal, seier informajsonsdirektør i Datatilsynet Ove Skåra.

Men Skåra legg til at det er alvorleg og krenkande for dei det gjeld.

– Også for mottakar er det krenkande, seier Skåra.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Pasientbrev ble ikke sendt fra Helse Bergen
Pasientbrev ble ikke sendt fra Helse Bergen

En datafeil sørget for at 1654 brev med pasientopplysninger fra Helse Bergen aldri ble sent til pasientene.

Trekker seg som følge av pasientlistesaken
Trekker seg som følge av pasientlistesaken

Eystein J. Hauge fratrer som styreformann i Privatsykehusenes fellesorganisasjon som følge av saken hvor 2000 pasientopplysninger skal ha blitt tappet.

Leger raser mot 
oppslags-
verk på nett
Leger i harnisk over bytte av oppslagsverk på nett

Det norske oppslagsverket NEL blir byttet ut med det britiske BMJ Best Practice.

Sjekker pasient-opplysninger uten varsel
Sjekker pasientopplysninger uten varsel

Det offentlige sjekker pasientopplysningene dine i jakten på trygdemisbruk.

- Truer personvernet
- Truer personvernet

Regjeringen ønsker bedre helsekommunikasjon, men motstanderne frykter snoking.

Datatilsynet kritisk til Nav-sjekk av pasientjournal
Datatilsynet kritisk til Nav-sjekk av pasientjournal

Datatilsynet er kritisk til at Nav kan sjekke opplysninger i pasientjournaler uten å informere pasienten.

Sykehus la hemmelig pasientinfo på nettet
Sykehus la hemmelig pasientinfo på nettet

Sørlandet sykehus HF la ut lister med navn på svineinfluensasmittede personer og deres familier på nett.

 
Comments powered by Disqus
  

Slik fikk SV-organisasjon penger fra Lysbakken

Her er de interne dokumenter som viser hvordan et «nei» ble til et «ja»

Stoltenberg grep inn: – Aldri bra at regler ikke blir fulgt


reklame