Gunhild (87) venta fire timar då ambulansen kjørte feil

600.000 nordmenn manglar gateadresse: Med broten lårhals låg Gunhild fire timar på hjelpelaus på gulvet.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Tenk deg at du jobbar som ambulansesjåfør. Alarmen går, men når du skal rykke ut veit du ikkje kvar pasienten er.

Frå alarmsentralen fekk du berre eit namn og eit postnummer, resten av leitinga er opp til deg.

Les også: Kleppa vil ha raskere planlegging av nye veier

Del på facebook

- Eg har køyrt feil mange hundre gonger, seier ambulansesjåfør Eirik Skjoldal.- Eg har køyrt feil mange hundre gonger, seier ambulansesjåfør Eirik Skjoldal. Foto: TV 2

– Kjørt feil

Dette er ikkje ein uvanleg situasjon for Eirik Skjoldal. I 15 år har han køyrt ambulanse på Osterøy, Noregs største innlandsøy, med 7 500 fastbuande. Ein kommune utan ei einaste gateadresse.

– Eg har køyrt feil mange hundre gonger, men stort sett finn vi fram i løpet av eit par minutt, fortel Skjoldal til TV 2.

Osterøy er ein av 82 kommunar i Noreg utan gateadresser. På fylkesplan er det Sogn og Fjordane som kjem verst ut, med berre 40 prosent adressedekning.

Berre 30 av 429 norske kommunar har full dekning.

Les også: Regjeringen vil bevilge 170 milliarder til samferdsel

- Eg synes jo det er veldig leit at bestemor måtte ligge i fire timer på gulvet med store smerter på grunn av at ambulansen kjørte feil, seier Siren Tyssebotn.- Eg synes jo det er veldig leit at bestemor måtte ligge i fire timer på gulvet med store smerter på grunn av at ambulansen kjørte feil, seier Siren Tyssebotn. Foto: TV 2

Måtte venta i fire timar

Nyleg skjedde det igjen på Osterøy: 87 år gamle Gunhild Mjøs måtte venta på ambulanse i fire timar etter å ha pådratt seg lårhalsbrudd.

– Det synte seg at ambulansen hadde kjørt feil. Den hadde kjørt til Åsheim i Haus i staden for til Åsheim i Hosanger, seier 87-åringens barnebarn, Siren Tyssebotn, til TV 2.

– Eg synes jo det er veldig leit at ho måtte ligge i fire timar på golvet med store smerter på grunn av at ambulansen kjørte feil, legg ho til.

Ambulansesjåfør Skjoldal peiker på kartet og forklarar at på Osterøy går stedsnamnet Åsheim att tre stader innanfor eit lite geografisk område.

– For slagpasientar er dette veldig viktig. Vi har jo kun ein viss tid før vi må være inne med dei, seier Skjoldal.

Sjå video øvst i artikkelen!

Les også: På denne veien får pasientene spypose i ambulansen

På Osterøy går stedsnamnet Åsheim igjen tre stader innanfor eit lite geografisk område.På Osterøy går stedsnamnet Åsheim igjen tre stader innanfor eit lite geografisk område. Foto: TV 2

Store tap

I følgje rapporten «Regionen som steig fram frå skuggen» tapar Nordhordland og Gulen kvart år 80 millionar kroner på grunn av adressemangelen.

Inger M. Kristiansen, prosjektledar i Statens Kartverk, vil ikkje kommentere nasjonale tall då dei ikkje har oversikt over kor stort beløpet er.

Etter det TV 2 kjenner til er det truleg snakk om milliardar.

Les også: Kommuner må kutte i velferdstilbudet

Sløsing av tid og resursar

Kjell Werner Johansen ved Transportøkonomisk institutt forklarer dei samfunnsøkonomiske tapa ved at det og ressursar som vert brukt på ein lite nyttig måte.

– Mangelen på adresser gjer mykje arbeid mindre effektivt. I dramatiske tilfeller vert det alvorleg når brannbilar og ambulansar ikkje kjem fram i tide, men det er også varebilar som vert køyrande rundt for å leite og post som ikkje kjem fram, seier han til TV 2.

– Du kan jo tenke deg at du sett deg inn i ein drosje, utan å vite sikkert kvar du skal. Då kjenner du fort korleis det svir på lommeboka å køyre rundt på leit, legg Werner Johansen til.

Les også: Kommuner må kutte i velferdstilbudet

- Eg håpar innbyggarane vil straffe dei politikarane som somlar med å få ordnet dette, seier Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.- Eg håpar innbyggarane vil straffe dei politikarane som somlar med å få ordnet dette, seier Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Foto: TV 2

Håpar politikarane blir straffa

Det politiske ansvaret for adressemangelen i Noreg ligg hos Miljøvern-departementet.

I samarbeid med Kartverket starta dei adresseprosjektet for eit år sidan.

Målet er at alle vegar i landet skal namngjevast innan 2014, men for dei kommunane som ikkje klarer dette ventar det ingen sanksjonar.

– Eg håpar at innbyggarane i dei kommunane vil straffe dei kommunepolitikarane som somlar med dette, seier Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim til TV 2

– Det hastar å få dette på plass, legg han til.

Les også: Sp-topp mener veistandarden en stor skam

Kan redde liv

Adresser vil mellom anna gjere dagane enklare for ambulansesjåfør Skjoldal. Han er ikkje i tvil om at det hastar å få namn på vegane.

– Folk vert oppgitte over at vi ikkje veit kvar vi skal. Med adresser vil vi komme fortare til når det står om liv.

– På veg til pasienten kan vi tenke på kva som er riktig behandling, og mindre på kva veg vi skal ta, seier ambulansesjåføren.

Les også: – Bruk oljepenger til veg og jernbane



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
På denne veien får pasientene spypose i ambulansen
På denne veien får pasientene spypose i ambulansen

En fylkesvei i Nordland er i en så dårlig forfatning at kjøring går på helsa løs.

Regjeringen vil bevilge 170 milliarder til samferdsel
Regjeringen vil bevilge 170 milliarder til samferdsel

17 milliarder kroner i året.

Sp-topp mener veistandarden en stor skam
Sp-topp mener veistandarden en stor skam

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen er kritisk til den rødgrønne regjeringens samferdselssatsting.

Oslo-busser skal gå på avføring
Oslo-busser skal gå på avføring

Nytt oppgraderingsanlegg gir nye muligheter.

Kleppa vil ha raskere planlegging av nye veier

Samferdselsministeren vil ha raskere og mer effektiv planlegging av store vei- og jernbaneprosjekter.

Samferdselssatsing kan bli kuttet
Samferdselssatsing kan bli kuttet

Løftet om å satse 100 milliarder mer på vei og jernbane står for fall.

Navarsete: – Ingen kutt i Nasjonal transportplan
Navarsete: – Ingen kutt i Nasjonal transportplan

Senterpartileder Liv Signe Navarsete slo fredag fast at Nasjonal transportplan (NTP) skal følges opp slik den ble vedtatt av Stortinget 11. juni i fjor.

– Bruk oljepenger til veg og jernbane
– Bruk oljepenger til veg og jernbane

Konsernøkonom Nils Terje Furunes i DnB Nor vil bruke oljepengar til å finansiere investeringar i veg og jernbane.

Kommuner må kutte i velferdstilbudet
Kommuner må kutte i velferdstilbudet

Mange av landets kommuner må kutte i velferdstilbudet neste år. Bare et fåtall av ordførerne ser for seg en bedre økonomi.

Vil kjøpe politifolk for å stoppe voldtektsbølgen
Vil kjøpe politifolk for å stoppe voldtektsbølgen

Ola Elvestuen vil ikke vente på at regjeringen bevilger mer penger til politiet.

Forbrukerrådet ber togpendlere registrere om toget er i rute
Forbrukerrådet ber togpendlere registrere om toget er i rute

Forbrukerrådet ber pendlere bistå i arbeidet med å kartlegge eventuelle forsikelser. Lanserer app for registrering.

Flaue kapteiner fikk ikke hurtigbåter til kai
Flaue kapteiner fikk ikke hurtigbåter til kai

Hurtigbåtene Kistefjell og Fløyfjell slet tungt med å legge til kai i Tromsø tirsdag formiddag. Det blåste bris. Nå har Troms fylke fått nok av skandaleskipene.

 
Comments powered by Disqus
  

I dag skal politiet forklare seg om
pågripelsen av Breivik

Lydloggene: Store
sambandsproblemer
under aksjonen

Lydloggene: Her
pågripes Breivik
på Utøya 22. juli

Lydloggene: Politiet
snakker kun om én
gjerningsmann


reklame