Det stadfestar Jan Erik Wang, fagsjef for fallskjerm i Norges Luftsportforbund overfor tv2.no.

– Vi har eit godt bilete av kva som har skjedd, men vi kan ikkje gå ut med detaljar no, sier Wang.

Han bekreftar at det er gjort filmopptak av ulykka. Det er desse opptaka som ulykkeskommisjonen har undersøkt.

Erfaren fallskjermhoppar

Det var den amerikanske statsborgaren Jonathan Alexander Tagle (43) som omkom i ulykka i Simadal i Eidfjord.

«Saka er under etterforsking. Politiet var på ulukkesstaden same dagen. Omkomne er sendt til obduksjon. Det vil vidare verta foreteke vitneavhøyr og samla inn anna materiale slik som filmmatriale før ein konkluderer med årsak.», skriv politiet i ei pressemelding.

Tagle var ein erfaren fallskjermhoppar som har hoppa langs fjell i heile verda.

Sjå video der Jonathan Tagle flyg tett langs fjellveggen i Italia:

– Han var ein føregangsfigur

Det var onsdag ettermiddag det fatale skjedde.

Ei gruppe erfarne fjellflygarar dreiv og hoppa frå helikopter i Simadal i Eidfjord kommune. Etter ei rekke vellukka hopp gjekk det galt.

– Han omkom på det sjuande eller åttande hoppet, seier Wang.

Gruppa hadde hoppa heilt sidan tidleg på føremiddagen.

LES OGSÅ: Mann omkom etter fallskjermulykke i Eidfjord

Hoppgreina fjellflyging er ei relativt fersk grein, og har berre vore hoppa aktivt dei siste seks-sju åra.

– Han som mista livet i hoppet var ein føregangsfigur innan fjellflyging, seier Wang.

Fjellflyging er ein idrett der ein oftast hoppar ut av helikopter, og så føl ein fjellet eller formasjonar i fjellet nedover. Dei mest erfarne som hoppar er ikkje veldig langt over bakkeplan. Dei er alle utstyrt med fallskjermar som er meir robuste, for å tåla vinden.

Sjå video av fjellflyging frå Gudvangen: (Foto: Jan Erik Dietrichson)

Ein hoppar i grupper på tre. Fyrst ein guide, deretter kjem dei to andre hopparane.

– Ein rekognoserar og sjekkar rutene på førehand, om det er nokre hindringar der eller ikkje, seier Wang.

LES OGSÅ: To paraglidarar styrta i kvart sitt tre

Etter at det er gjort, bestemmer dei som er i leiinga seg for å opna opp ei rute.

Erfarne hopparar

På Vestlandet er Gudvangen og Simadal mellom plassane ein hoppar frå.

– Er dette ei farleg hoppgrein?

– Så lenge ein held seg innanfor si eiga komfortsone, så er ikkje faremomentet særleg stort samanlikna med anna hopping, meinar han.

Avhengig av kor erfaren ein er, kan ein velja større eller mindre tryggleiksmargin.

LES OGSÅ: Savnet 19-åring funnet omkommet

Wang seier at det berre er erfarne hopparar som får gjennomføra

I AKSJON: Det var totalt fem fallskjerm og paragliderulykker innanfor eit område på berre nokre mil på onsdag. Her frå ei av ulykkene på Voss. (Foto: TV 2)
fjellflyging.

– Før var grensa på 500 fallskjermhopp før ein fekk gjennomføra det, no er den grensa heva til 800 hopp, seier han.

Det var to augevitne til kva som skjedde.

Politiet etterforskar

Torsdag sat dei som var med på hoppinga saman og snakka ut om kva som skjedde, slik at forbundet kan danna seg eit bilete av hendingane.

– Stemninga er trykka og trist, seier han.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå TV 2 sin reportasje frå dei fem ulykkene, onsdag.

Politioverbetjent Per Helge Sekse seier at den omkomne vil verta sendt til Bergen for obduksjon.

– Det vil gje oss eksakt dødsårsak, og me kan finna ut om det er sjukdom inne i biletet, seier Sekse til tv2.no.

LES OGSÅ: Politikvinne adopterer andeunger etter påkjørsel

Han seier at ingen er formelt avhøyrt enno, men at det er høgt prioritert då fleire av dei involverte er utlendingar.

– Er det lov å driva med fallskjermhopping i Simadal?

– Eg veit det ikkje med sikkerheit, men det er ingenting som tydar på at det ikkje er lov, sluttar han.