Mor med ADHD-rammet sønn sjokkerer i TV-intervju
– Hvis sønnen min var en hund, kunne han blitt avlivet
Generalsekretær i ADHD Norge: – Uttalelsene er fryktelige
Nordmenn har opplevd å komma heim med rekningar på 100.000 kroner på grunn av mobilbruk i utlandet. Her er triksa for å unngå å gå i fella.
I Noreg finst det meir enn 2,5 millionar smart-telefonar, den får ei stadig viktigare rolle i nordmenns liv. Og alle har den med seg på ferie.
Men det kan verta ein dyr lærdom for mange.
– Eg har høyrd om rekningar opp i 100.000 kroners klassen, seier Per Aril Meling, informasjonssjef i Telenor til tv2.no.
Han seier at det aller luraste du kan gjera, er å slå av dataroaming på telefonen din.
– Men då kjem du deg ikkje på nett eller får sendt MMS, med mindre du er på eit trådlaust nett, seier Meling.
SJOKKMELDING: Slik såg sjokkemeldinga som Marianne Boge fekk på telefonen sin, og som heldt på å øydelegga ferien hennar. Foto: Skjermdump SMS
LES OGSÅ: 2500 for én mms og fire besøk på internett på Kiel-ferja
I tillegg til å oppsøka trådlause nettverk og slå av dataroaming på telefonen og nettbrettet ditt, anbefaler han deg å sørgja for at SIM-kortet i nettbrettet ditt er kopla opp mot hovud SIM-kortet ditt.
Dei siste åra har skrekkdøma frå utlandet vorte stadig færre, takket være nye reglar som er innført, der teleselskapa må minna kundane sine om forbrukte.
– Den fyrste meldinga kjem når du passerar 500 kroner, deretter på 800 og 1200 kroner, fortel han.
Når ein passerar 20.000 kroner sperrar Telenor abbonementet for nettbruk.
– Det kan virke litt rigid, men det er med på å hjelpa kundane å sleppa ein del ubehagligheiter, seier Meling.
DYRT: Det kan verta dyrt for deg å bruka mobilen i utlandet, om du ikkje hugsar på å slå av dataroaming. Foto: Scanpix
LES OGSÅ: Slik unngår du mobilsmellen i utlandet
Men for enkelte kan opplevinga verta ubehageleg lenge før ein kjem opp i 20.000 kroner i datautgifter.
19. juni reiste Marianne Boge og familien på ferien. Med seg i kofferten hadde ho både Iphone og Ipad.
– Me landa i 21-tida, etter nokre timar slo eg på telefonen for å sjekka eit par uavklara ting på jobb. Då fekk eg med ein gong ei melding der det stod at eg hadde overskride grensa for bruk av mobil i utlandet, seier Boge, som til dagleg jobbar som programplanleggar i TV 2.
Ho tenkte med seg sjølv at dette måtte vera feil, og trykte på stadfestinga om at ho ville halda fram å bruka mobilen i utlandet då det framleis var uavklarte ting på jobb.
LES OGSÅ: Prisras på mobilsurfing i utlandet
Nokre timar seinare kom dei fram til hotellet, då fekk ho ei ny melding frå Telenor.
– Då fekk eg beskjed om at summen var kome opp i 1700 kroner. Då sa eg til sambuaren min at dette måtte vera noko feil, deretter slo eg av roaming på telefonen min, seier ho.
Ipad-en gjorde ho ikkje noko med før neste kveld. Då var rekninga oppe i 3700 kroner.
– Eg vart jo redd for å nærma meg mobilen, seier ho.
Men det var ikkje over med det. Langt i frå.
Dagen etter lèt ho Iphone og Ipad ligga igjen på hotellet, men den påfølgande morgonen måtte ho slå på mobilen sin igjen.
LES OGSÅ: EU: Grønt lys for fly-mobil
Då fekk ho ei sjokkmelding. I displayet hennar stod det at mobilbruken i utlandet hadde kome opp i 11.800 kroner.
– Eg fekk heilt panikk og hadde berre lyst til å avbryta ferien, seier ho.
Ho heiv seg då over telefonen og ringte Telenor for å finna ut av det.
– Der fekk eg beskjed om at det var Ipad-en som var den store syndaren, seier ho.
Den brukar ho i jobbsamanheng og for at ungane skal ha noko å leika med. Det var og difor den var med på sydenferien.
– Eg veit ikkje kven som er syndaren enno, og eg tvilar på at me finn ut av det, seier ho.
– Eg vart skikkelig skremt, og dette heldt på å øydelegga heile ferien for meg, seier ho.
DATAROAMING: Slik slår du av dataroaming om du har ein Iphone: 1: Gå på innstillingar. 2: Velg «generelt» og deretter «nettverk». 3: Slå av dataroaming. Foto: TV 2
Telenor sa til ho at ho måtte ta ut SIM-kortet av Ipaden.
Det var ikkje noko meir Telenor kunne gjera, så dei bad ho kontakta arbeidsgjevaren sin Telenorkontakt.
– Der fekk eg beskjed om å slappa av og ikkje tenkja meir på det, seier ho.
Eva Solberg er mobilansvarleg i TV 2, og ho seier at historia med Boge ikkje er den fyrste ho opplever.
Den største rekninga var mange gonger høgare.
– Me har hatt tilfelle der folk ikkje har slått av utstyret sitt, sjølv om dei har fått meldingar om at grensene er passert, seier ho.
SLÅ AV: Slik slår du ned programma du har opne på telefonen din, om du har ein Iphone. Foto: TV 2
Ho meinar folk har for liten kunnskap om utstyret sitt.
– Roaming bør ikkje på i det heile, og det er viktig at folk stenger ned programma sine, seier ho.
Ho peikar på at det er mange program som ligg og søkar med GPS-en sin og er med på å auka rekninga kraftig.
– Folk er avhengige av å vera tilgjengelig, og det er ein uting, meinar ho.
Marianne Boge får skryt for at ho tok kontakt med Telenor og arbeidsgjevar med ein gong, og no tek TV 2 seg av rekninga.
– Me får ta denne episoden som god lærdom, men det blir ikkje fleire slike historier, seier ho.
| Publisert | 07.07.2012 13.36 |
| Oppdatert | 07.07.2012 13.40 |
Mor med ADHD-rammet sønn sjokkerer i TV-intervju
Generalsekretær i ADHD Norge: – Uttalelsene er fryktelige
