Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
Bodgjevar trur det spøker i huset i Gudbrandsdalen og nektar no å overta det. No møtest partane i retten.
– Eg vil ikkje inn på enkeltheitene i saken, sidan saka skal opp i retten, men det er snakk om sal av eit hus i Gudbrandsdalen, der kjøpar like før overtakinga ikkje ville overta huset likevel, då han meinte det spøka der, seier advokat Werner Forr Nystuen til tv2.no.
Les også: Nordmenn saksøker som aldri før
Det var avisa Gudbrandsdølen Dagningen som fyrst skreiv historia om det uvanlege huskjøpet ein stad i Gudbrandsdalen.
I tida etter at bodet var godkjent og overtaking skulle finna stad, skal kjøparen ha høyrd fleire historier på bygda om uforklarlige hendingar, og nekta å gjennomføra handelen.
– Er det eit hus som er kjent for at ting skjer?
– Nei, det kan eg aldri tenkja meg, seier advokaten.
LES OGSÅ: Tror spøkelser flyttet 40 tonn tunge gravemaskiner
Partane vart ikkje einige i forliksrådet, og saka går no vidare til tingretten. Der ventar dei dom innan sommaren.
– Korleis skal dei bevisa at det spøker der?
– Dei må bevisa at det spøker der, så må eg vurdera bevisa og så får eg vurdera det derifrå, seier han humoristisk.
– Har du nokon gong opplevd noko likande som advokat?
– Eg har opplevd mykje som advokat, men i løpet av mine 25 år som advokat har eg aldri opplevd noko liknande, seier han.
LES OGSÅ: Prest måtte drive ut ånder fra dette Nav-kontoret
Ikkje ein gong Norsk Spiritualist Forening og Norsk Spiritualistisk Trossamfunn har høyrd om liknande saker.
– Av dei sakene eg kjenner til i samband med bustadovertaking, har det anten handla om kjøparar som har reinsa huset før dei har flytta inn, eller etter innflytting har merka at det er uroleg i huset, seier Andrè Kirsebom, leiar i Norsk Spiritualist Forening og Norsk Spiritualistisk Trossamfunn til Gudbrandsdølen Dagningen.
Han seier at folk ikkje har noko å frykta om dei har ånder i huset, men skjønar at det kan vera ubehageleg.
| Publisert | 27.01.2012 11.38 |
| Oppdatert | 27.01.2012 11.39 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
