JULEHANDEL: Også for 2011 er det venta ein vekst i julehandelen. Kom tidleg eller seint, er rådet frå handelsstanden om du vil unngå kø og kaos.
JULEHANDEL: Også for 2011 er det venta ein vekst i julehandelen. Kom tidleg eller seint, er rådet frå handelsstanden om du vil unngå kø og kaos. Foto: Junge, Heiko/SCANPIX
Unngå kø og kaos:

Sjekk kva tid på dagen det er best å julehandla

Folk julestressar og går frå fulle handleposar.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

FOLK JULEHANDLER MEIR: På landets største handelesenter, Kvadrat, i Sandnes går julehandelen som aldri får. Senterleiar Cato Helmersen ventar ein vekst på kring sju prosent samanlikna med fjoråret.FOLK JULEHANDLER MEIR: På landets største handelesenter, Kvadrat, i Sandnes går julehandelen som aldri får. Senterleiar Cato Helmersen ventar ein vekst på kring sju prosent samanlikna med fjoråret. Foto: Wikipedia Berre tanken på å stikka tåa innom eit av landets handlesenter i dagane før jul kan nok verka avskrekkande for fleire.

Finst det eit tidspunkt før jul der det er litt mindre styr?

– Roleg? Det punktet er passert. Kanskje klokka 10 når vi opnar eller rett før stengetid, seier Cato Helmersen, sentersjef for Kvadrat i Sandnes som er Stavanger-regionens handelsmekka til tv2.no.

Det same rådet gir senterleiarar for fleire store handlesenter i landet.

Les også: Vi shopper for 40 prosent mer i desember

Del på facebook

– Kom tidleg eller seint

Den største dagen for julehandel mange stadar er bittelille julaften. Fleire senter har då nattope.

– Då vil rundt 25-26.000 menneske vera innom Kvadrat, trur Helmersen.

– Jula 2011 er som alle andre år. Den same panikken brer seg, seier senterleiar ved City Syd i Trondheim, Finn Dybdalen.

– Skal du handla smart; kom tidleg eller seint.

Les også: Ny undersøkelse: Nei til harde pakker

Les også: Halvparten av oss hater julehandel

– Det er tydeleg at folk er stressa

Og ikkje alle kjem heim med verken det dei dei kom med eller var ute etter.

– Det er ekstremt mykje gjengløymt, seier Knut Eliassen, senterleiar ved Lagunen storsenter i Bergen.

Det er tydlig at folk er stressa. Og det vil nok auke fram mot jul. Folk gløymer betalingskort, lommebøker, hanskar og luer - og fulle handleposer, seier Eliassen.

Han rår folk til å vera utkvilt og klar over kva ein går til.

– Stå opp tidlig, spis frukost og kom utkvilt. Det er det beste tipset, ifølgje Eliassen.

Også bilen får merka julehandelen. I dagane før jul bulkar nesten dobbelt så mange bilen sin som i resten av året.

Les: Stressede julehandlere bulker dobbelt så mye

Rekord i Bergen

I desember kjem truleg detaljhandelsbutikkane i landet til å omsetta for 48,6 millionar kroner. I snitt vil kvar og ein av oss handla for rundt 9.900 kroner i desember, ifølge SSB.

Etter ein treg start har julehandelen skote skikkeleg fart her i landet. I desember har vi til no handla for mykje meir enn på same tid i fjor - heile 30 milliardar kroner.

Se reportasje om årets julehandel:

Hovudorganisasjonen Virke som representerer meir enn 15.000 verksemder landet rundt, spår ein svak oppgang for årets julehandel i høve til i fjor.

– Julehandelen ligg i underkant av det vi hadde forventa, men det ligg framleis an til ein vekst, seier sjefsøkonom i Virke, Lars Haartveit, ei pressemelding.

Les også: En av ti nordmenn ønsker seg ny partner til jul

På Kvadrat i Sandnes reknar senterleiaren med ein vekst i julehandelen samanlikna med i fjor på sju prosent. På Lagunen i Bergen blir det ny shoppingrekord.

På Jekta storsenter i Tromsø ser det derimot ut til at det blir ein nedgang. Men det er ikkje sikkert at det er tromsøveringane som handlar mindre av den grunn.

Jekta storsenter har fått ein ny senternabo, i tillegg er ein i gang med ombygging, ifølge senterleiar Laila Myrvang.

På City Syd på Tiller i Trondheim ventar senterleiaren ein vekst i julehandelen på 2-3 prosent.

Les også: Hemmelig nisse betaler gjelda til fattige familier

– Fleire kjøper symbolske gåver

Men skal ein heilt sleppa unna julekaoset er det kanskje like greitt å halda seg heime. Mange tar handelen på internett og fleire enn tidlegare kjøpar symbolske gåver.

– Det er definitivt fleire som kjøper symbolske gåver enn tidlegare, seier Marianne Haugen i Artisti AS som organiserar nettbutikken for fleire ikkje-kommersielle organisasjonar.

– Fram mot jul er det elektroniske julekort det går mest av, og nokre venter eller held fram med handelen til over jul.

– Også i romjula handler folk symbolske gåver, seier Haugen.

Les også: LO-lederen ber folk kjøpe en ekstra julegave i år



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Pass på - nå er det bulkerekord
Pass på - nå er det bulkerekord

Smeller dobbelt så ofte som ellers - og vi har liten tro på andres moral.

Slik gikk det da TV 2 tigget med skjult kamera i Oslo
Slik gikk det da TV 2 tigget med skjult kamera i Oslo

Vi tok med oss skjult kamera og var tigger for én dag på Karl Johans gate i Oslo midt i julerushet.

Ikke dra til Middelhavet i julen
Ikke dra til Middelhavet i julen

Mange nordmenn blir mer og mer lei vinterværet og flykter til varmere strøk i juleferien. Meteorologene forteller deg hvor du ikke bør reise.

LO-lederen ber folk kjøpe en ekstra julegave i år
LO-lederen ber folk kjøpe en ekstra julegave i år

Slik kan vi holde økonomien i gang.

Klamydia-boom i julebordsesongen
Klamydia-boom i julebordsesongen

Frykt for smitte gjør at «klamydia-høytiden» strekker seg til godt over jul.

Ingen 
hvit jul
Ingen hvit jul

Julen blir mild i år, og dersom du befinner deg i lavlandet må du nok se langt etter julesnøen

Torsdag snur solen
Torsdag snur solen

Nå går vi snart lysere tider i møte, torsdag 22. desember blir årets mørkeste dag.

Ny undersøkelse: Nei til harde pakker
Ny undersøkelse: Nei til harde pakker

De fleste vil ikke ha harde pakker til jul lenger, ifølge en undersøkelse gjort av Framtiden i våre hender.

Åse er julegavedetektiv
Åse er julegavedetektiv

Om juleposten ikke kommer fram, havner den hos Åse Lerfald.

En av ti nordmenn ønsker seg ny partner til jul
En av ti nordmenn ønsker seg ny partner til jul

Nordmenn ønsker seg også fred på jord, ny partner og Ipad. Og i Nord-Norge kommer vaskehjelp høyt på listen.

Vi shopper for 40 prosent mer i desember
Vi shopper for 40 prosent mer i desember

Takket være julehandelen legger vi igjen 40 prosent mer i butikkenes kassaapparater i årets siste måned enn i en normalmåned.

 
Comments powered by Disqus

Streiken i stat og kommune

  

John (69) får dusje en gang i måneden

Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn


reklame