Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
Den sentrale leiinga i Handikapforbundet er ikkje begeistra over forslaget om å henga ut dei som feilparkerar.
– Me forstår at folk er utolmodige når funksjonsfriske feilparkerar og blokkerar handikapplassane, men å aksjonera på denne måten er me skeptiske til, seier leiaren for Norges handikapforbund, Arne Lein til tv2.no.
Han seier dei er skeptiske til å henga folk ut på nettet.
– Me er ikkje heilt begeistra for denne aksjonsforma, stadfestar han.
LES OGSÅ: Vil henge ut parkeringssynderne på nettet
Det var Romerikes blad som måndag skreiv om Norges handikapforbund aust som ville ta bilete av feilparkerte bilar på handikapplassane og henga dei ut på nettet med bilete og usladda skilt.
– Me håpar dette skapar større bevisstheit rundt bruken av handikapparkering, og kanskje også gje ein og annan bilist ei lærepenge, sa Ann Karin Pettersen i Norges Handikapforbund aust.
– Me har tatt kontakt med dei og bede om at dei finn andre aksjonsformar som tydeliggjer at dette er vanskelig, men at ikkje brukar virkemiddel som å henga folk ut på nettet, seier Lein til tv2.no.
– Dette handlar om å ta vare på folks integritet og ikkje ha gapestokkaksjonar, legg han til.
Lein seier at det er eit stort problem at funksjonsfriske tek plassar som er regulert til funksjonshemma, men at det er kontrollmyndigheitene som må gjera jobben med å straffa dei som feilparkerar.
– Gjer dei jobben sin då?
– Det er det ulike erfaringar med, seier han.
LES OGSÅ: Tok traktor i fartskontroll
Ann Karin Pettersen i Norges Handikapforbund aust seier bakgrunnen for den planlagde aksjonen var ei sak i media om ei mor som var nøydd til å bera sonen sin til skulen, då handikapparkeringsplassen var tatt i bruk av funksjonsfriske folk.
– Me ville laga ei varskusak. Me hadde ikkje trudd me skulle få så mykje merksemd rundt denne saka, seier ho til tv2.no.
Ho seier dei ikkje kjem til å vera så dristige at dei legg ut bilete på nettet av feilparkerte bilar.
– Det me har klart å poengtera i media er at det er ikkje du og eg som skal stå på dei plassane, men dei som har fått utdelt lapp som skal stå der, seier ho.
LES OGSÅ: Brudepar fikk p-bot under vielsen
Ho seier at det går ut over helsa til folk at funksjonsfriske parkerar på handikapplassane.
– Det er mange som vert sitjande inne då dei ikkje veit om dei kjem seg på butikken, hevdar ho.
– Det går ut over livskvaliteten til folk, legg ho til.
TV 2 Nyhetskanalen fyller 5 år. Se sendingene gratis på TV 2 Sumo (16.-20. januar)
HELSEPROBLEM: Norges handikapforbund hevdar at det går ut over helsa til dei funksjonshemma når dei ikkje veit om dei får parkera på handikapplassane, i frykt for at funksjonsfriske har tatt plassane deira. (Illustrasjonsfoto) Foto: colourbox.com © colourbox.com
| Publisert | 16.01.2012 12.58 |
| Oppdatert | 16.01.2012 13.02 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
