Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
– Det var sjokkerande å lesa, seier mora hans om meldinga som skulle til ein heilt anna person.
Elleve år gamle Daniel Skarstad Helland frå Mo i Rana fekk tysdag ein SMS han ikkje skjønte noko som helst av.
Der stod det om barnet hans som hadde slutta i barnehagen i Bergen og skulle få kontantstøtte frå ein gitt dato. Guten skjønte lite, og sendte naturleg nok tekstmeldinga vidare til mor si, kanskje ho visste noko.
Mamma Elin-Weronika Skarstad, vart sjokkert over innhaldet i meldinga.
– Eg trudde ikkje dei sendte ut slike meldingar eg. Det handlar jo om kontantstøtta, og ein får vita fødselsdato, kvar dei er ifrå og når barnet slutta i barnehagen, seier ho til tv2.no.
Ho er klar på at slike meldingar bør ikkje sendast ut.
– Heldigvis fekk me ikkje namnet på barnet, legg ho til.
LES OGSÅ: Mor pleier dødssyke Bertine (3) – Nav ville ikke gi henne pleiepenger
Ho seier ho ikkje skjønar kvifor Nav sender ut slike meldingar.
– Ein SMS kan jo lett koma på avveie, peikar ho på.
Ho viser til fleire historier i media om at personopplysningar har kome på avveie.
SMS: Dette er tabbe-SMSen som Nav sendte ut denne veka. Foto: PRIVAT
– Dei må skjerpa rutinane sine, det er jo trass alt menneske dei jobbar med, seier Skarstad.
Det var på tysdag Daniel Skarstad Helland fekk meldinga. Torsdag ettermiddag, når tv2.no er i kontakt med ho, hadde Nav framleis ikkje oppdaga feilen.
Når tv2.no er i kontakt med leiaren for Nav Forvaltning Stord, som står bak feilsendinga, legg leiaren der seg flat med ein gong.
– Dette er veldig beklageleg, seier leiaren for Nav Forvaltning Stord, Anne Lise Flodsand.
LES OGSÅ: NAV skaffet single Roy samboer
Ho seier at ho har snakka med sakshandsamaren som sendte ut meldinga. Sakshandsamaren seier at det er skjedd ein menneskeleg glipp.
– Men det står ikkje namn eller personnummer i meldinga, så me har ikkje brote teieplikta vår, legg Flodsand til.
Ho seier at dei plar svara via SMS når folk kontaktar dei via e-post eller kontaktsenteret, og dei får beskjed om det.
– Men det er ikkje vanleg at me gjer dette, legg ho til.
Ho innrømmer at Nav ikkje har eit system for å fanga opp om meldingane vert sendt feil.
– Me klarar ikkje å fanga dette opp før vedkommande som skulle hatt meldinga kontaktar oss, stadfestar ho.
I dette konkrete tilfelle gjaldt det utbetaling at kontantstøtte, og det står spesifikt i meldinga at om ein ikkje er einig i avgjersla frå Nav, må vedkomande ta kontakt med Nav og koma med ny dokumentasjon.
LES OGSÅ: Remi går på Nav-kurs – får ikke ta pappaperm
Noko som jo var umogleg i dette tilfellet, då meldinga hamna hjå heilt feil person.
– Når dei ikkje har fått meldinga frå oss, vil dei nok ta kontakt med oss igjen, meinar Flodsand.
Ho legg til at Nav er no er i sluttspurten med kontantstøtta, og fleire vender seg til dei enn dei plar ha.
– No når me har fått melding om at det er skjedd ein feil, skal me klara å spora opp denne saka, lovar ho.
Flodsand hevdar at dette er fyrste gong dei har sendt ein slik SMS feil.
– Det som er viktig her er at det ikkje var sensitive opplysningar i meldinga. Dei sender me aldri ut på SMS, understrekar ho.
LES OGSÅ: Her risikerer de ansatte selv å bli NAV-klienter
Etter at tv2.no intervjua Flodsand ringer ho opp igjen.
– Saka er no i orden. Når me ikkje fekk svar på meldinga, kontakta me kommunen og fann ut at alt er i orden i denne saka, sluttar ho.
| Publisert | 02.09.2011 06.43 |
| Oppdatert | 02.09.2011 06.55 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
