Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
Om utlendingar kontaktar deg og vil kjøpa bilen din på nettet, bør varselklokkene ringa. No åtvarar Økokrim lettlurte nordmenn.
Årleg vert nordmenn svindla for fleire hundre millionar kroner på nettet.
Ein av dei store nettstadene ein kan risikera å verta svindla er Finn.no. No kjem det stadig nye meldingar om kreative forsøk på å svindla nordmenn.
Det siste store er svindelforsøk av nordmenn som skal selja bilane sine på nettet.
Kort tid etter at folk legg ut lysinga si på Finn.no får dei tekstmeldingar frå svindlarane.
Er du forsøkt svindla? Her kan du åtvara andre
Ein person som har vore i kontakt med tv2.no seier at han vart kontakta berre 40 minutt etter at han la ut lysinga si.
– Eg fekk ei tekstmelding frå eit engelsk nummer der det stod «Min far ønsker å kjøpe camper. Han er ikke i stand til å motta telefonsamtaler, så vennligst ta kontakt med ham på jan57m@live.com Takk»
Problemet var berre at denne mannen la ut ein sportsbil til sals, ikkje ein campar. Difor svarte han som sant var at han ikkje hadde nokon campar til sals.
Nokre timar vart det stilt, før han igjen fekk ei ny melding, med det same innhaldet.
Igjen, nokre timar seinare fekk han ei ny melding. Denne gongen på engelsk, der det mellom anna vart spurt om tilstanden på bilen.
Då svarte han berre «Yes, I do»
Då fekk han ei ny melding, på engelsk, om at vedkomande var interessert i bilen, men at han diverre ikkje kunne koma og sjå på den.
Saka held fram under biletet
SVINDEL: Fleire hundre nordmenn har rapportert dei siste vekene at nokon har forsøkt å svindla dei, når dei skulle selga bilen sin. Truleg er talet langt høgare. Foto: Lien, Kyrre/SCANPIX
Til saman har han fått fem svindel SMS-ar sidan han la ut bilen, ein med eit norskklingande namn, Ropstad Torgeir.
– Dette er truleg fleire ulike svindelforsøk, men framgangsmåten er akkurat den same. Eg rapporterte det til Finn, og sendte og «korrespondansen» til Økokrim, seier han.
Finn.no er godt kjent med denne typen svindel.
– Hensikta er å få seljarane til å legga ut for transportkostnader, slik at svindlarane kan få ei pengeutbetaling i heimlandet sitt, seier Lars Vinden i Finn.no til tv2.no.
Han seier at dei har sett ein kraftig auke i akkurat denne typen svindel dei siste vekene.
– Det er i alle fall nokon hundre personar som har kontakta oss om dette dei siste vekene, seier Vinden.
Saka held fram under biletet
I VINDEN: Lars Vinden i Finn.no seier at dei har fått melding om fleire hundre forsøk på bilsvindel dei siste vekene. Han seier at dei har store problem med å stoppa dei. Foto: Ingvild Gjerdsø/TV 2
Vinden seier at det er veldig vanskeleg å få stoppa desse svindlarane.
– Me har forsøkt å samarbeida med teleoperatørane om å få stoppa dei, problemet er at det er så lett å oppretta nye nummer, peikar han på.
Han seier at dei jobbar med nye metodar for å stoppa svindlarane, men at det er ein vanskeleg jobb.
Difor ber han folk om å vera forsiktige når dei handlar på nettet.
– Har du fyrst overført pengane, har du tapt dei, seier han.
Han ber nordmenn om å bruka betre nettvit.
– Hugs at Noreg har nokon av dei høgaste bilprisane i verda. Det er svært sjeldan nokon i utlandet vil kjøpa bilar til norske prisar, seier han.
– Om folk hadde tenkt seg om hadde me ikkje sett desse svindelforsøka heller, legg han til.
Saka held fram under biletet
PÅGÅTT LENGE: Denne tekstmeldinga beviser at svindelen har pågått på Finn.no sidan byrjinga av september. Minst. Foto: SMS-dump
Han illustrerar det med at du ville aldri betalt store summar til nokon som selde noko på gata om du skulle få vara fyrst om ei veka.
Vinden seier at dei dagleg stoppar fleire hundre svindelforsøk på nettsida si.
– Går dette ut over tilliten til Finn.no?
– Me er avhengig av at brukarane har tillit til oss, og me føler at dei har det, svarar han.
Han kallar kampen mot svindlarane for eit våpenkappløp.
Så fort Finn.no kjem opp med ei løysning på å stoppa svindlarane, kjem dei med nye forsøk.
Anne Dybo i Økokrim seier at slik svindel er vanleg over heile Europa.
– Men det er meir pengar i Noreg, så nordmenn har lettare for å betala ut, peikar ho på.
Dybo seier dei får inn så mange saker at dei ikkje har moglegheit til å etterforska dei.
– Det krev så mykje ressursar og gjer så lite resultat, seier ho.
Og situasjonen er lik i fleire europeiske land.
– Det er størst kost/nytte-verdi å driva førebyggande arbeid
Ho seier at unge folk er flinkare enn dei eldre til å skjøna faresignala.
Saka held fram under biletet
TENK DEG OM!: Anne Dybo i Økokrim ber nordmenn tenkja seg betre om når dei kjøper og sel ting på nettet. Finn.no kallar kampen mot svindlarane for eit våpenkapplaup. Foto: TV 2
– Me har ei oppgåve med å få dei vaksne til å skjøna at dei må vera forsiktige.
– Kven er det som står bak desse svindelforsøka?
– Det er stort sett vestafrikanarar, men og nokre austeuropearar, seier ho.
– Så dette er ein god gammal «nigeriasvindel» altså?
– Ja, det er det.
Ho seier at nordmenn vert svindla for fleire millionar kroner årleg.
– Såkalla romance-scam lurar nordmenn for over 100 millionar kroner årleg, seier ho.
– Kva er det grovaste svindelforsøket du har sett?
– Det aller grovaste eg har sett er ein mann som betalte 20.000 kroner for å selja sofaen sin!, seier ho.
– Det viser kor gode dei er til å snakka folk rundt, legg ho til.
| Publisert | 27.01.2012 15.14 |
| Oppdatert | 27.01.2012 15.39 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
