Fleire hundre venner, kjenningar, naboar og andre personar er no med i leitinga etter den sakna Sigrid Giskegjerde Schjetne.

– All støtta er rørande

16-årige Sigrid Giskegjerde Schjetne vart meldt sakna frå Østensjø i Oslo etter at ho ikkje kom heim til avtala tid, klokka 00.30 natt til sundag. Ho gjekk frå ei veninne like før midnatt, og politiet vart kontakta av uroa foreldre som alt var i gang med å leita etter jenta.

LES OGSÅ: Politiet skal gå opp løypa dei veit Sigrid gjekk laurdag

– Det er rørande og sterkt å sjå at så mange frå lokalmiljøet stiller opp. Familien utrykker stor takknemlegheit for at så mange stiller opp, seier Geir Strand, som er familiens talsmann.

– Kva trur de har skjedd?

– Vi vel førebels å ikkje tru så mykje. Me held oss til informasjonen me får frå politiet og håpar på best mogleg resultat, seier han.

– Korleis har familien det?

– Familien har det etter forholda bra. Dei har familie og venner rundt seg, seier han.

Bengt Eriksen er nær ven av familien og er ansvarleg for koordineringa av dei frivillige som deltek i leitinga.

SJÅ VIDEO: Sjå Eriksen sin apell til dei frivillige her!

Det har vore 27 orienteringsløparar ute sidan klokka 05.00, måndag morgon, utan resultat.

Eriksen oppmodar folk til å leita ekstremt nøye.

– Me ser etter avkjørsler med svære parkeringsplassar og skog eller vatn i nærleiken. Områder der alle kan tenka seg at det er mogleg å køyra inn og opptre uforstyrra. Så enkel er me, seier han.

– Kan vera kvar som helst

– Det held ikkje å berre gå forbi ein plass. Ser de ein presenning, løft på den! Ser de ein container, sjekk den! seier han til dei frammøtte frivillige.

LES OGSÅ: Dykkere har avsluttet søk etter Sigrid (16)

– Ho kan vera i Trondheim eller på Smøla. Det er det som er så fortvilande. Me har ikkje anna å gå etter enn utsjånaden hennar, held Eriksen fram.

Han er imponert over alle dei som har stilt opp for å leita.

– Me er avhengig av alle som er her, og endå fleire, seier han.

– Dette viser at det er fleire velmeinande folk der ute enn kva me trur, seier han.

Politiet fokuserar måndag på å leita i området ved Østmarka med søk på bakke og frå lufta.

Dei oppmodar no folk om å ikkje gå tur i Østmarka.

– Med det varmesøkande kameraet er det mange fleire objekt å sjekka om folk går tur enn om det berre er leitemannskapa. I tillegg vert redningshundane distrahert av folk i nærleiken, seier innsatsleiar Thor Langli til TV 2.

Dei frivillige fokuserar på områda ved;

* Enebakk

* Tryvann

* Svartskog

* Grefsenkollen.

Sigrid sine sko og mobiltelefon vart funnet ved ein barnehage i Dalbakkveien 75 like ved der ho bur. Då ho blei borte hadde 16-åringen på seg dongerishorts, blågrøn hettegensar, grå singlet og brun skinnveske.

Ho er rundt 170 centimeter høg.

Politiet stadfesta sundag kveld at dei hadde snakka med fleire personar som har høyrt eit høgt skrik i nærleiken av staden der den sakna Sigrid Giskegjerde Schjetne sin mobiltelefon og sko vart funnet.

Har sett inn alle resursar

– Me høyrte eit skjerande, vondt skrik. Det var ikkje berre krangling eller noko slikt, men nokon som skreik. Eg sat ute og tok ein røyk, medan dottera min låg inne. Ho hadde nesten sovna, men høyrde og skriket, og kom ut til meg, sa Anne-Mette Sætre til tv2.no på sundag.

SJÅ VIDEO: Politiet set inn alle resursar i leitinga etter Sigrid

Både politiet, Raude Krossen, og ei hel rekkje frivillige har leita etter jenta i løpet av hele sundagen.

LES OGSÅ: Sigrid (16) savnet i Oslo

Dykkarar vart og sett inn i leitinga etter jenta. Men i 22.30-tida sundag, avslutta dei søket utan resultat.

Måndag morgon var det kome inn rundt 100 tips i saka, og politiet skulle bruka spesialtrente hundar for å gå opp same løypa dei veit Sigrid gjekk seint laurdag kveld.

Alle tilgjengelige politiresursar er sett inn i leitinga etter den sakna jenta.