Farleg manet på norskekysten

For første gong er den farlege nattlysmaneten fanga på kysten av Nordvestlandet. Maneten drap for to år sidan fleire tusen oppdrettslaks i merder på irskekysten.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

I Katalonia i Spania blir 20.000 menneske kvart år behandla for brannskader etter kontakt med nattlysmaneten. No er han komen til norskekysten og er for første gong blitt fanga levande.

Folk frå akvariet i Ålesund oppdaga større mengder av han då dei fiska med line, og klarte å fange fleire eksemplar.

Lyser om natta

– Det er første gong eg har høyrt om at nokon har klart å fange levande eksemplar her i Norge, seier akvarist Tommy Vangsmo til TV 2.

Maneten er særs ubehageleg å kome i kontakt med og kan gi kjøtsår og store smerter for dei uheldige, seier han.

Nattlysmaneten har fått namnet sitt fordi han gir frå seg lys i mørke. Tentaklane klarer å trenge igjennom skal på krepsdyr, og folk vil sjå merke etter han som svepeslag på kroppen.

– Det er truleg varmare vatn som har ført han til norskekysten, men også overfiske i Middelhavsområde. Slike blautdyr formerer seg når det blir mindre fisk. Klimaendringane har ført til varmare hav og ført han lenger nord sjølv om det i år har vore kjølegare på norskekysten enn vanleg, seier Vangsmo.

Norske oppdrettsanlegg ikkje i fare

Norske oppdrettsanlegg treng ikkje frykte nattlysmaneten førebels i følgje Vangsmo. Til det er mengdene for små og vinteren kjem truleg til å ta knekken på dei som er her.

Nattlysmaneten er liten og vanskeleg å få auge på, men ingen bør la seg lure av storleiken.

– Det er ofte dei minste manetane som er farlegast. I Australia finns ein manet som er så liten at han knapt er synleg, men kjem du bort i han kan det stå om livet, seier akvarist Tommy Vangsmo ved Atlanterhavsparken i Ålesund til TV 2.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
«Verdens beste jobb» kunne kostet ham livet
«Verdens beste jobb» endte nesten med døden

Ben Southall svømte på en dødelig manet.

Gigantmaneter terroriserer Japans kyst
Gigantmaneter terroriserer Japans kyst

Tenk å få en 200 kilo tung manet i garnet? Det er realiteten for japanske fiskere.

 
Comments powered by Disqus
  

Monica (36) skulle bare
vaske bak kjøleskapet

– Jeg har bodd her i seks år og har ikke merket noen verdens ting


reklame