Foto: Scanpix

Får ikkje selje laks til Russland

Sein saksbehandling i Mattilsynet hindrar eksport av norsk fisk.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Sein saksbehandling av Mattilsynet hindrar eit 20 tals norske eksportørar å selje laksefisk til Russland.

Ifølgje ein avtale med Russland skal det norske Mattilsynet godkjenne eksportørane, men det har dei ikkje kapasitet til. Saka blir no tatt opp i Stortinget.

Fleire tusen tonn på lager

Fjordlaks Aqua a/s i Ålesund er eit av firmaene som ikkje får selje til Russland fordi Mattilsynet ikkje har hatt kapasitet til inspisere dei.

Kvalitetssjef Svein Flølo seier til tv2.no at dei hadde avtale med eit av dei største sjømatselskapa i Russland om sal av fleire tusen tonn regnbogeaure, men at salet er sett på vent. Fjordlaks ba om å få inspeksjon 4. februar i år, men Mattilsynet har enno ikkje svart på når det kan skje.

Avtale i januar

I 2005 stoppa Russland all import av norsk oppdrettslaks og aure fordi russerane meinte fisken inneheldt skadelege metall som kadmium og bly.

Russerane opna for import igjen etter å ha sendt inspektørar som over tid godkjente 20 norske bedrifter.

I januar i år signerte Norge og Russland ein avtale om at det norske Mattilsynet skulle inspisere og godkjenne norske firma som selte laks og aure til vårt naboland i aust. Seks månader etter at avtalen blei signert har framleis ikkje Mattilsynet fått eit inspektørkorps på plass.

Manglande kapasitet

Fungerande seksjonssjef Lena Brungot i Mattilsynet seier manglande kapasitet og pengar har gjort at dei ikkje har fått tilsett dei to inspektørane som trengst.

- Men det har gått seks månader..

- Det beklagar vi, men dei nye inspektørane skal ansettast og lærast opp i det russiske regelverket. Det er ein tidkrevjande prosess, seier Brungot.

- Men kan du fortelje eksportørane når dei kan få inspeksjon?

- Nei, vi har bede dei om å vere tolmodige. Vi håpar å ha eit nasjonalt inspeksjonsteam på plass over sommaren, men kan ikkje seie når.

- Eksportørane kan tape store pengar på dette. Kvifor er det så vanskeleg å fortelje dei når inspektørane er på plass seks månader etter at de signerte avtalen med Russland?

- Vi har rett og slett ikkje hatt kapasitet, men det ser no ut til at vi får pengar til å opprette eit nasjonalt inspeksjonsteam . Vi håpar å ha det på plass så snart som mogeleg.

Opp i Stortinget

Øyvind Korsberg frå Framstegspartiet tek no saka opp i Stortinget i eit skriftleg spørsmål til Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk ( Sp).

Ifølgje Mattilsynet har eit 20 tals norske eksportørar ikkje fått selt laksefisk til Russland på grunn av manglande inspeksjon, og Fjordlaks Aqua a/s i Ålesund er altså eitt av dei.

- Vi er ikkje ute etter Mattilsynet, men ber om at norske styremakter gir dei rammer til å oppfylle inspeksjonsavtalen med Russland, seier kvalitetssjef Svein Flølo.

- Har de tapt mykje på dette?

- Vanskeleg å seie, men vi har i allefall tapt marknadsdelar, seier Flølo.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Hygieneskandale på Fisketorget i Bergen
Hygieneskandale på Fisketorget i Bergen

- Nedslående resultat, sier Mattilsynet etter inspeksjon.

Ingrid Espelid Hovig får Fyrtårnprisen
Ingrid Espelid Hovig får Fyrtårnprisen

TV-kokken får pris for sin innsats for å fortelle det norske folk at fisk og sjømat er sunn og god mat

Fiskeriministeren vil stoppe «mafiavirksomhet»
Fiskeriministeren vil stoppe «mafiavirksomhet»

Tyvfisket i Barentshavet er redusert med 84 prosent de siste fire årene. Fiskeriministeren vil trappe opp kampen mot en næring hun mener minner om mafiavirksomhet.

Ut med J-krok, inn med sirkelkrok
Ut med J-krok, inn med sirkelkrok

Tunfiskindustrien har gått inn for å starte med økovennlig fiske.

 

Streiken i stat og kommune

  

John (69) får dusje en gang i måneden

Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn


reklame