PÅ KANTEN AV STUPET: På einhjulssykkel balanserte Eskil Rønningsbakken seg ut på eit lite brett over Europas høgste loddrette stup i Trollveggen.
PÅ KANTEN AV STUPET: På einhjulssykkel balanserte Eskil Rønningsbakken seg ut på eit lite brett over Europas høgste loddrette stup i Trollveggen. Foto: Sindre Lundvold

Eskil balanserer på einhjulssykkel i Trollveggen

Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken (30) gjennomførte eit utruleg stunt i samband med filmopptak i Trollveggen.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

På einhjulssykkel balanserte han seg ut på eit lite brett over Europas høgste loddrette stup i Trollveggen.

Det er 1000 meter rett ned under brettet. Frå botnen av Romsdalen til toppen av Trollveggen er det 1700 meter.

På enkelte stader heng fjellmassivet 50 meter utover veggen. Der plasserte balansekunstnar Eskil Rønningsbakken eit lite brett som han sykle ut på.

Lever av ekstreme stunt

– Filmopptaka tok om lag ein time og eg var ute på brettet i 20-30 sekund i slengen. Det er alltid vind i Trollveggen og ein konstant susande lyd, men eg følte eg hadde kontroll, seier hedmarkingen Eskil Rønningsbakken til TV 2 Nyhetene. BALANSEKUNSTNAR: Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken (30) har levd av stunt sidan han var 17 år.BALANSEKUNSTNAR: Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken (30) har levd av stunt sidan han var 17 år. Foto: Sindre Lundvold

Han har gjort det til ein leveveg å utføre ekstreme balansekunster og har levd av det sidan han var 17 år.

– Eg har prøvt andre jobbar, men det har ikkje gått bra. Balansekunstane er eit uttrykk for kva eg har inne i meg. Å gjere andre ting er uaktuelt. Eg kjem aldri til å slutte med dette, seier Rønningsbakken, som held foredrag for næringslivet når han ikkje balanserer.

– Kjenner ikkje på si eiga redsle

Balansekunsten har 30-åringen satt høgt i livet.

– Balanse er viktig i ekteskapet og i næringslivet. Det handlar om å vere i harmoni med seg sjølv.

– Folk lever så beskytta i dag at dei ikkje kjenner på si eiga redsle. Eg reagerer når Røde Kors åtvarar mot å sitje på kanten av Preikestolen. Det er unødvendig. Kroppen fortel alle når dei skal vere forsiktige. Hadde folk høyrt meir på si eiga stemme hadde dei levt meir, seier Eskil Rønningsbakken frå Vallset i Hedmark

Film klar til hausten

I sommar har dei norske filmselskapa Filthy Frames og Clutch Media gjort opptak med Eskil Rønningsbakken i den norske fjellheimen.

Tidlegare har han gjort opptak som er blitt sendt på kanalar som National Geographic, History Channel og USA Today. I den nye filmen balanserer han på Kjeragbolten 1000 meter over Lysefjorden, på Preikestolen og over Flydalsjuvet i Geiranger.

Filmen er planlagt ferdig i haust og kan bli vist på TV 2, men også andre kanalar er aktuelle.

– Opptaka har gått bra. Vi skal filme litt meir på Preikestolen fordi det var for mykje vind då vi var der. Eg har kamera på hovudet. Då ein i filmteamet såg opptaka fekk han mareritt om natta. Han såg det eg ser – nemleg suget. Eg er van med det, men for andre kan det verke skremande, avsluttar Eskil Rønningsbakken



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Comments powered by Disqus

reklame