Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
Gytebestanden av torsk i Barentshavet er no på sitt høgste nivå sidan krigen.
I følgje Havforskingsinstituttet kan bestanden i 2011 bli over ein halv
million tonn over nivået i 1947. Eit varmare Barentshav er ein av årsakene.
Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet forventer kraftig økning i torskebestanden de nærmeste årene. Foto: TV 2
Lågare fiskepress, som følgje av mindre russisk tjuvfiske og varmare klima er to av årsakene til at prognosene for torskebestanden i Barentshavet går til himmels.
I 2011 kan gytebestanden kome opp i 1 600 000 tonn. I 1947 var målingane 1 165 000 tonn.
Faggruppeleiar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet seier til TV 2 at eit varmare klima har gjort beiteområde for torsken mykje større i Barentshavet.
Fiskerane fryktar at den enorme torskebestanden skal føre til kollaps i økosystemet.
– Kampen om maten kan føre til kannibalisme, og forskerane veit ikkje nok om konsekvensane av dette, seier avdelingsleiar Jan Ivar Maråk i Fiskebåtredernes Forbund.
Han minner om at også bestandane av sild og lodde er svært store i dette området. Beste måten å unngå ein kollaps på er å fiske meir torsk, seier han.
Havforskar Harald Gjøsæter meiner naturen regulerer mengda av torsk, og ser
ingen fare for at økosystemet vil bryte saman.
(Arkivfoto). Lofotfiske ved Røst.
Store mengder torsk er underveis fra Barentshavet til gytefeltene i Lofoten. På Røst ytterst i havgapet er fiskerne klare. Foto: Roald, Berit/SCANPIX
– Det som skjer når det er mindre mat er at torsken blir slankare og legg mindre egg. Han er tilpasningsdyktig og vi har dessutan sett liknande nivå på torskebestanden på 1930-talet utan at det førte til eit samanbrot, seier Gjøsæter.
Om nokre veker skal Norge i nye fiskeriforhandlingar med russerane.
Dei siste åra er torskekvotene blitt regulerte etter ein forvaltningsregel som har sikra at kvotane ikkje kan auke med meir enn 10 % årleg. Det er grunn til å tru at dei enorme torskemengdene som er venta i tida framover vil føre til at forvaltningsregelen blir diskutert på nytt.
| Publisert | 28.09.2009 21.13 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
