Bråk om kommunesamanslåing i Volda og Ørsta

Framstegspartiet i Ørsta vil slå saman Ørsta og Volda til ein kommune. Det blir det bråk av.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Rivaliseringa mellom Ørsta og Volda er vide kjend. Kommunesentra ligg ti minutt frå kvarandre med bil, men til no har ei samanslåing vore utenkjeleg.

Forholdet mellom dei to kommunane har vore like kjærleg som mellom hund og katt.

Betre tilbod

– Vi trur innbyggjarane i Ørsta og Volda vil tene på ei samanslåing, men vi er ikkje sikre og ber difor om at saka blir utgreidd, seier gruppeleiar Rune Hovde i Ørsta Frp til TV 2.

Ørsta er største kommunen med 10.000 innbyggjarar medan Volda har 8.000. Volda er skulebygda med om lag 3.000 studentar medan Ørsta har vore mest kjend for Grepa komfyrar og møblar.

Kva skal kommunen heite?

Namnestrid er kanskje det største hinderet for dei som vil slå saman kommunane. Dei TV 2 snakka med mandag var heilt klare på at dei vil behalde begge namna.

Rune Hovde i Frp seier til TV2 at ein namnediskusjon er sikraste måten å legge saka død på.

– Å diskutere namn er det same som å seie at dette blir det ikkje noko av, seier han.

Så spørst det kva kommunestyra vil. Formannskapet i Ørsta har så langt sagt nei til å utgreie kva dei vil tene/tape på ei samanslåing med Volda.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
– Nedleggelser av skoler kan være bra
Nedlegging av skular kan være bra

– Nedlegging og samanslåing av skular kan vere bra for både elevar og lærarar, seier professor i pedagogikk, Peder Haug.

Bygdefolket bladde opp for «Molomannen»
Bygdefolket bladde opp for «Molomannen»

Fekk 50.000 i bot for molobygging. No har bygdefolket samla inn pengar for å betale bota.

 

Streiken i stat og kommune

  

John (69) får dusje en gang i måneden

Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn


reklame