Streiken i stat og kommune
John (69) får dusje en gang i måneden
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
Søndag er det slutt på 22 år med bompenger for dei undersjøiske tunellane utanfor Ålesund.
Tunell og brusambandet er derimot ikkje nedbetalt. Gjelda er på 1,4 milliardar kroner.
Søndag blei det gratis å køyre tunell og brusambandet utanfor Ålesund. I si tid var dette verdas største undersjøiske tunellprosjekt, men det har kosta dyrt.
Då det stod ferdig i 1987 var prislappen omlag 800 millionar kroner, men eit skyhøgt rentenivå på opp i mot 21 prosent gjorda at gjelda i dag er på 1,4 milliardar kroner.
Familiar som er avhengig av sambandet sparer mellom 20 og 30.000 kroner i året på at tunellane er blitt gratis å køyre.
Ordførar i Giske, Knut Støbakk (Krf) gler seg stort over at bompengetida er over.
– I dag er det fest på øyane og folk har grunn til å feire. Dette opnar store mulegheiter for næringslivet og dei som bur her. At sambandet har ei gjeld på 1,4 milliardar bryr eg meg ikkje om. Den rekninga får staten ta. Dette er ein gledens dag, jublar Støbakk.
Både på Ellingsøya og Giske er det fest for folket i dag for å markere at sambandet er blitt gratis.
No kan dei ferdast fritt til Ålesund utan å tenke på kva det kostar, og dei som skal til flyplassen på Vigra kan gle seg over å køyre gjennom nyoppussa tunellar, heilt gratis.
| Publisert | 25.10.2009 14.43 |
| Oppdatert | 25.10.2009 16.40 |
Streiken i stat og kommune
Men den gamle sjømannen henger ikke med hodet av den grunn
