GLEMT IGJEN PÅ TOGET: Et fire år gammelt barn ble glemt igjen ombord i et tog, når barnehagen fra Son var på tur. Illustrasjonsfoto.
GLEMT IGJEN PÅ TOGET: Et fire år gammelt barn ble glemt igjen ombord i et tog, når barnehagen fra Son var på tur. Illustrasjonsfoto. Foto: Holm, Morten/SCANPIX

Barnehage glemte barn igjen på toget

– Me oppdaga at me mangla eit born i det dørene på toget gjekk igjen, seier dagleg leiar.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– Me oppdaga det raskt, men ikkje raskt nok at me mangla eit barn, seier dagleg leiar i Grevlingen barnehage i Son, Emma Finstad til tv2nyhetene.no.

Det var etter at barnehagen hadde vore i Vestby for å sjå på ei Munch-utstilling dei sjølve hadde vore med på, alle foreldre sitt verste mareritt skjedde.

Del på facebook

– Heilt forferdelig

I det dørene på toget gjekk igjen, oppdaga dei at dei mangla eit barn på fire år.

– Dette er eit av dei verste scenarioa ein kan oppleva. Me har eit stort ansvar som tek vare på andre sine born, seier ho.

Det var Moss Avis som fyrst skreiv om saka.

Barnet blei med toget til Moss.

– Det er heilt forferdelig. Dette er slike ting som ikkje skal skje, held Finstad fram.

Med ein gong dei oppdaga at dei mangla eit barn, kontakta personalet i frå barnehagen NSB. Konduktøren på toget tok seg av det vesle barnet til Moss, der personell frå barnehagen troppa opp for å ta imot barnet.

Eit forvirra barn

– Eg må få skryta av jobben som konduktøren og NSB gjorde, legg ho til.

Ho seier at korkje barnet som måtte reisa aleine på toget, eller dei andre borna har uttrykt noko spesielt i ettertid.

– Barnet var litt forvirra, men elles har me ikkje sett nokre store reaksjonar i etterkant, seier Finstad.

Naturleg nok reagerte foreldra til barnet med sjokk.

– Eg skjønar dei godt, dette er slikt ein aldri forventar at skjer med barnet ditt, innrømmer ho.

Har ikkje tatt tog-skrekken

Barnehagen har i ettertid stramma inn på rutinane sine. Hendinga er blitt snakka om og dei involverte har blitt følgt opp på møter i ettertid.

– Me har gjort fleire grep for at dette ikkje skal skje igjen. Me hadde rutinar frå før av, men det er ikkje alltid det går knirkefritt, seier ho.

Men dei har ikkje tatt skrekken av å reisa med tog.

– Nei, det har me ikkje. Og alt ei veke etterpå var me på togtur med ei av gruppene, sluttar Finstad.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Comments powered by Disqus
  

Homoaktivist brutalt banket
opp i EM-vertsland

LLH-leder Bård Nylund: – Homofile på EM-tur bør ta sine forholdsregler


reklame