Tornado-katastrofen i Oklahoma
SISTE: 37 bekreftet omkommet, venter at dødstallene vil stige
Følg utviklingen i Oklahoma i vårt direktestudio
TV: Her treffer tornadoen byen
Er du i området? Tips oss! SMS/MMS: + 47 02255 | 02255@tv2.no
Bård Olden sat på hytta si og såg Cessna-flyet med tre personar om bord treffa fjellveggen.
– Me høyrde flyet komma, deretter høyrde me ei kraftig turtalsauke. Deretter såg me at flyet trefte fjellveggen, seier Bård Olden til TV 2 Nyhetene.
Han sat på hytta si og var augevitne til den tragiske ulykka som kravde tre menneskeliv på fredag.
– Me prøvde å ropa opp til vraket, i tilfelle det var nokon på utsida. Men me fekk ikkje noko svar, seier han.
LES OGSÅ: Tre personer funnet omkommet etter småflystyrt i Trøndelag
Olden seier at dei då meldte i frå om ulykka.
Det var klokka 12.30 politiet fekk melding om ulykka.
HER: Det var her flyet trefte og tre personar mista livet. Bård Olden var augevitne til ulykka. Foto: Ronny Oksvold/TV 2
– Eit småfly med tre personar om bord har styrta ved Søvatnet i Bjugn kommune i Sør-Trøndelag. Alle tilgjengelige mannskaper frå naudetatene er på veg til ulykkesstaden, sa operasjonsleiar Leif Berglund i Sør-Trøndelag politidistrikt til TV 2 Nyhetene.
Det var tre fly som fauk saman frå Leknes til Værnes. Dei to andre flya landa som planlagt på Værnes utanfor Trondheim.
LES OGSÅ: Person falt utfor skrent i fjellet - full redningsaksjon
Flya er tyske, og tyske myndigheiter er varsla om ulykka.
Luftambulansen tok seg inn til ulykkesstaden og lokaliserte vraket klokka 13.08.
– Problemet var at helsepersonellet ikkje kunne ta seg inn i vraket på grunn av brannfaren, seier Per Fjeld ved Hovedredningssentralen i Sør Norge til tv2.no.
Då brannfolk hadde sikra staden var det berre for helsepersonell å stadfesta at det var tre døde personar i vraket.
LES OGSÅ: Utfordrer Facebook i retten om tilgang til Sigrids konto
Flyhavarikommisjonen er rutinemessig varsla og vil komma til ulykkesstaden. I tillegg er politiets eigne krimteknikarar på veg dit.
– Dei omkomne vil truleg verta frakta til St. Olavs hospital i Trondheim, seier Melvold.
TEK SEG INN: Ein Sea King lasta med politi og andre redningsmannskap på veg inn til havaristen. Foto: Ronny Oksvold/TV 2
| Publisert | 10.08.2012 16.42 |
| Oppdatert | 10.08.2012 19.41 |
Kommentarer er fjernet etter kl. 00.00 og blir åpnet igjen kl. 06.00.
