Ambulanse kjørte av veien i Bremanger
Luftambulanse sendt til stedet, hadde pasient i bilen
I kveld går programmet «60 Minutes» om basehopparane i Romsdalsfjella her på TV2.
Reklameverdien har amerikanske journalistar vurdert til 30 millionar dollar, eller over 150 millionar kroner.
Det opplyser reiselivssjef Hild Gråberg Bakke i Rauma til TV 2.
Reiselivssjefen ventar storinnrykk til Romsdalsfjella neste sommar, og har fått mange reaksjonar etter at innslaget blei vist for amerikanske tv – sjåarar.
– Det har vore heilt utruleg med tilbakemeldingar, seier Hilde Gråberg Bakke.
Ho er ikkje redd for at det er berre våghalsar som kjem.
– Vi har så mykje å by på i Rauma. Her er noko for einkvar smak, avsluttar ho.
TV 2 sender programmet klokka 23:30 i kveld, men dersom du treng å roe deg ned før du legg deg bør du kanskje sjå på noko anna.
Her er det scener frå basehopping som kan ta frå deg nattesøvnen.
| Publisert | 21.10.2009 21.18 |
Luftambulanse sendt til stedet, hadde pasient i bilen
