Kjempet med tårene
da hun sang for
Whitney Houston
Jennifer Hudson minnet sitt idol på Grammy-utdelingen.
CBS’ 60 Minutes programleiar, Steve Kroft, er i Romsdalen for å lage innslag om basehopping.
– Dette blir fantastisk Norgesreklame, seier han til TV 2.
Steve Kroft er ein av dei mest berømte programleiarene i amerikansk fjernsyn.
Han er ein av dei rutinerte journalistane i 60 Minutes som har 20 millionar sjåarar i USA.
Under den amerikanske valkampen følgte han president Barack Obama, og gjorde også det store intervjuet med han etter presidentvalet.
I over ei veke no har Kroft og CBS teamet vore i Romsdalen for å gjere opptak til eit tolv minutts innslag som skal sendast i 60 minutes i september/oktober.
- Eg må vedgå at eg er redd for høgder og kjente det sitra i heile kroppen då eg tok helikopter opp til Romsdalshorn, fortel Kroft.
Hovudpersonen i innslaget er den amerikanske skikøyraren og basehopparen J.T. Holmes.
– Vi prøver å forstå kva som gjer at menneske utsett seg for slike farer, seier Kroft. Dei lever her og no, ikkje for morgondagen. Kva er drivkrafta deira, spør han.
Dei har fått fantastiske opptak i Romsdalen, filma hopp både frå Romsdalshorn og fjellet Bispen.
– Eg var ikkje førebudd på kor vakkert det er her, seier Kroft. Naturen er fantastisk, og så er det stille, avsluttar Kroft som til dagleg bur i New York.
| Publisert | 22.06.2009 21.21 |
| Oppdatert | 08.07.2009 13.22 |
Jennifer Hudson minnet sitt idol på Grammy-utdelingen.
