Vigrid vil melda Eskil Pedersen til politiet

Men Tore Tvedt innrømmer at han ikkje har trua på at Riksadvokaten vil følga oppmodinga.

STATSKUPP:   At Pedersen trudde det var eit statskupp utført av norsk militært og sivilt politi, må bety at han veit noko me andre ikkje veit.  (Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix)
STATSKUPP: At Pedersen trudde det var eit statskupp utført av norsk militært og sivilt politi, må bety at han veit noko me andre ikkje veit. (Foto: Krister Sørbø / NTB scanpix)

- Eg meiner at opplegget før og rundt det som skjedde 22/7 må belysast, seier Tore Tvedt til tv2.no. Leiaren for den nynazitiske organisasjonen Vigrid meiner Pedersen må dømmas for «feigskap». - At Pedersen trudde det var eit statskupp utført av norsk militært og sivilt politi, må bety at han veit noko me andre ikkje veit. Eg kan ikkje finna nokon annan god grunn for at han reiste frå øya medan Breivik fortsette å massakrera masse ungdommar, seier han til tv2.no.