– Eg har trekt meg som leiar i Norwegian Defence League, stadfestar Ronny Alte overfor tv2.no, torsdag kveld.

– Kvifor?

– Av den enkle grunnen at nokon i Admin vil nekta meg å gå ut og ta avstand frå terror, seier Alte.

Admin er leiargruppa i NDL.

Vil ta avstand frå Breivik

– Eg kan ikkje vera i ein organisasjon som vert assosiert med han, legg Alte til.

LES OGSÅ: Flere nordmenn blant pågrepne i Århus

Det heile starta då Alte vart stemna som vitne i den pågåande terrorsaka mot Anders Behring Breivik. Alte vil nytta tida si i vitneboksen til å ta avstand frå det Breivik har gjort.

– Eg vil ta all den avstand eg kan frå Breivik, det meinar Admin er feil å gjera, seier han.

– Eg kan ikkje vera medlem i ein organisasjon som vert assosiert med Breivik, held han fram.

Han seier at han vert ringt av 30-40 journalistar frå inn og utland. Alte hevdar han vert nekta å snakka med dei.

– Admin meinar eg ikkje skal snakka med dei, men heller visa dei til nettsida vår, fortel han.

LES OGSÅ: Her er Breiviks vitner under rettssaken

Alte har trekt seg, ikkje berre frå leiarjobben, men frå heile organisasjonen.

– Dei som er ueinige enn deg, er det folk med meir ekstreme synspunkt enn deg?

– Må eg svara på det? For å seia det slik, dei har eit anna syn enn meg, seier han.

Trur NDL slår sprekker

– Er dette folk som støttar handlingane til Breivik?

– Nei, det vil eg ikkje tru, seier han.

No seier han at han vurderer å starta ein organisasjon sjølv.

– Betyr dette at NDL slår sprekker?

– Eg er redd for det, diverre. Men eg håpar ikkje min avgang påverkar dette, legg han til.

LES OGSÅ: «Synd du ikke ble knerta 22. juli»

Ekspert på høgreekstreme, Øyvind Strømmen trur det høgreekstreme miljøet i Noreg vil krympa som følge av rettssaka.

– Folk har fått ein vekkar, dei har sett kva galskap dei har vore med på. I tillegg er det vorte vanskelegare å rekruttera nye medlemmer, meinar Strømmen.