– Fikk du ett minutt med Wenche Foss, var det en stor opplevelse

Statsminister Jens Stoltenberg mintest Wenche Foss som ei diva som brydde seg.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– Det var ein seremoni som var Wenche Foss verdig. Me hylla ho og mintest ho, og ikkje minst var det humor, latter og varme, seier statsminister Jens Stoltenberg til TV 2 Nyhetskanalen.

Han meiner det hadde vore feil om ein hadde gjennomført ein slik seremoni utan varme og latter.

Del på facebook

Sorg, vemod, latter og varme

– Ho gav så mykje varme og glede til så mange menneske gjennom eit så langt liv, seier han.

– Det var sorg og vemod. Eit menneske me er glad i er gått bort. Men og latter og varme fordi ho har levd eit langt liv og gjeve så mykje, held han fram.

Stoltenberg seier at han hugsa møta med Foss som fantastiske møter.

– Eg gleda meg alltid til å møta ho, seier han.

FEKK JOBBEN PÅ DIREKTEN: Biskop Gunnar Stålsett fekk beskjed alt i 1999 at det var han som skulle vera prest under jordfestinga. – Ho gav beskjed om det i 1999 direkte på fjernsyn. Ho hadde ikkje spurt meg, men ho tok sjansen og då var det klart at me hadde ei slags pakt, seier han.FEKK JOBBEN PÅ DIREKTEN: Biskop Gunnar Stålsett fekk beskjed alt i 1999 at det var han som skulle vera prest under jordfestinga. – Ho gav beskjed om det i 1999 direkte på fjernsyn. Ho hadde ikkje spurt meg, men ho tok sjansen og då var det klart at me hadde ei slags pakt, seier han. Foto: Lien, Kyrre/Scanpix – Sjølv om du berre møtte ho i eit minutt på veg til premiere, hadde ein hatt ei stor oppleving det eine minuttet, meiner han.

Stoltenberg seier at Foss alltid gav klar beskjed til han om det han dreiv på med.

Fekk beskjed på direktesendt fjernsyn

– Ho hadde veldig sterke meiningar om det eg dreiv på med, og nølte ikkje med å gje skarpe kommentarar når ho var ueinig med meg, seier han.

Stoltenberg framhevar særleg det at Wenche Foss stod på for dei svake i samfunnet.

– Det at ho brukte sitt liv til å hjelpa dei som hadde det vanskelig, seier noko om hennar stordom, seier han.

Biskop Gunnar Stålsett fekk beskjed alt i 1999 at det var han som skulle vera prest under jordfestinga.

– Ho gav beskjed om det i 1999 direkte på fjernsyn. Ho hadde ikkje spurt meg, men ho tok sjansen og då var det klart at me hadde ei slags pakt, seier han.

Det medan han framleis var biskop. Han tenkte at når han var ferdig med bispetida var han og løyst frå oppgåva.

Støttande for biskopen

– Men nei, ho insisterte. Så her var det berre å stå på, fortel han.

Når Stålsett var på lange reiser til utlandet var Foss uroa og sa at han måtte ikkje vera vekke for lenge.

– Du må vera i stand til å komma heim på kort varsel, sa ho til meg, seier Stålsett til TV 2 Nyhetskanalen.

– Vi var på mange måtar på bølgjelengde. Ho var støttande for meg som biskop, fortel han.

Folk kom langvegs frå

Han meiner det var ein seremoni i hennar ånd.

– Det djupe alvoret, dei vakre helsingane frå venner og familie omramma av kyrkjas liturgi.

Folk kom langvegsfrå for å få med seg jordfestinga.

– Når eg kom til kyrkja klokka 10, helste eg på ein kar frå Gol i Hallingdal som ville vera på plass for ho hadde gjort så mykje for han, fortel Stålsett.

DEN SISTE REISE: Liss Marthinsen, Inger Johanne Fuglesang, Fabian Emil og Christian August Stang, Morits Skaugen og Harald Knudtzon bærer båren ut etter Wenche Foss sin bisettelse i Oslo Domkirke mandag.DEN SISTE REISE: Liss Marthinsen, Inger Johanne Fuglesang, Fabian Emil og Christian August Stang, Morits Skaugen og Harald Knudtzon bærer båren ut etter Wenche Foss sin bisettelse i Oslo Domkirke mandag. Foto: Aas, Erlend/SCANPIX



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 

reklame