«Britain strong and stable» er Theresa May sitt slagord. Det er nesten identisk med det Margareth Thatcher gjekk til val på i 1987.

Då blei motstandaren, Neil Kinnock latterleggjort av britiske tabloidaviser, som trykka artiklar som: «Derfor stemmer eg Kinnock - av Stalin», eller The Sun si legendariske førsteside på valdagen: ”Dersom Kinnock vinn i dag, kan den siste som forlèt Storbritannia være så snill å slå av lyset!”

Svært mykje har endra seg på slutten av 80-talet, då eg for første gong sette beina på britisk jord. Nei, eg tenker ikkje på dei moteriktige stripene i håret, ei heller det tidsriktige antrekket eller bukseselane.

Statsminister Theresa May. 
Statsminister Theresa May.  Foto: Daniel Leal-olivas

Jern-ladyen

På tampen av 80-talet var Black Box på Walkman‘en, Batman-filmane blei re-lansert, og kulturelt, sosialt og politisk hadde Storbritannia gått gjennom ein revolusjon under statsminister Margareth Thatcher.

Altså ikkje så heilt ulikt situasjonen 30 år seinare, der Black Box blir re-mixa, Batman-serien held fram, og ei konservativ kvinne står mot ein radikal Labour-leiar i eit parlamentsval.

Jern-ladyen hadde i dei føregåande åra gjennomført enorme endringar i Storbritannia; Mindre makt til fagforeiningane, økonomisk liberalisering og privatisering av ei rekke offentlege tenester. Norge og store deler av den vestlege henta politisk inspirasjon frå britane, og i land etter land rulla høgrebølgja vidare.

Reporter Kjetil Iden har dekka tre tidligere parlamentsvalg i Storbritannia. Foto: Lars Christian Økland, TV2.
Reporter Kjetil Iden har dekka tre tidligere parlamentsvalg i Storbritannia. Foto: Lars Christian Økland, TV2.

Totalt ulikt syn

Valkampen i 2017 – 30 år seinare liknar på mange måtar på den i ´87. Dei to hovudkandidatane sitt totalt ulike syn på den økonomiske politikken og synet på staten si rolle i samfunnet er sjølvsagt.

Også i 1987 skjedde det britiske valet i ein tidsalder prega av terror. Og svaret på terroren, var nesten identisk med det May no tar til orde for.

Den Irske Republikanske Armé hadde få år tidlegare, i 1984, nesten klart å ta livet av Thatcher då ho så vidt slapp unna bombeangrepet mot hotellet i Brighton, under det konservative årsmøtet.

Hardhendte avhøyr

Thatcher sitt svar mot IRA er svært likt dei framlegga May no lanserer som eit svar på terrorangrepa som har ramma landet; Hardhendte avhøyr av mistenkte terroristar, lengre fengselsstraffer, og ikkje minst å sette til side menneskerettane.

På 80-talet førte nettopp ein slik politikk til sultestreikar, demonstrasjonar og endå større kampvilje hos dei som slåss mot det britiske styret i Nord-Irland.

Og på same måte som Thatcher sin strategi mot terroren slo tilbake, risikerer May eit tilbakeslag dersom ho vel å krevje unntak for Storbritannia når det gjeld menneskerettar.

Men Theresa May er så langt i si politiske karriere ingen Margareth Thatcher.

Reell utfordrar

Der Thatcher kunne knuse ein motstandar med sine syrlege kommentarar, nektar May å møte sine politiske motstandarar ansikt til ansikt i politisk debatt. Og det i ein val ho sjølv – heilt unødig – har vald å halde tre år før tida.

Utfordrer Jeremy Corbyn
Utfordrer Jeremy Corbyn Foto: Andrew Yates

Jeremy Corbyn – Labourleiaren som for to månader sidan sto fram som dømt til å tape, har plutseleg segla opp som ein reell utfordrar til å overta nøkkelen til no 10 Downing Street.

I 1987 knuste Margareth Thatcher motstandaren Neil Kinnock med 376 mot 229 seter i parlamentet. Etter Corbyn sin framgang dei siste vekene er det kanskje berre dei mest optimistiske Tory-tilhengarane som håper på eit liknande resultat.

Men ekkoet frå 80-tallet kan i dagens val likevel høyrast klart og tydeleg.