Her må turistar og bebuarar stå timevis i kø

HARDANGER (TV 2): – Slik tar vi imot turistane i Hardanger. Det er litt pinleg.

Det seier dagleg leiar i Hardanger Bestikk, Rune Leikvoll, medan vi køyrer forbi over hundre bilar som står bom stille i turistindrefileten.For å rekke møtet med TV 2 på Bu måtte han ta sjøvegen frå Kinsarvik. Trafikken på strekka langs riksveg 13 stod i fullstending i stampe.Han er tydeleg på at noko må skje med den smale vegen.- Vi kan ikkje vente lenger. Dette må skje no.