Se og følg flommen i livesenteret
155 evakuert fra Kvam i Gudbrandsdalen:
– Ødeleggelsene
er svært store
NÅ: Flere boliger evakuert etter jordras i Buskerud
Kva ein har med seg og på seg på tur kan avgjera om turen vert fin eller fiasko. Det finst ingen fasit på kva ein skal på seg og i sekken, men her kjem ei lita oversikt over kva Toppturgutane har.
Toppturgutane har et samarbeid med Lommekjent.no om å dele turer og tips med alle brukerne av Lommekjent.no. Noen ganger deler vi artikler de har skrevet på sin blogg her på Lommekjent.no. Under kan du lese Toppturgutanes tips til hva du må ha med deg på topptur. Du kan også se turene de har lagt inn på Lommekjent.no eller lese bloggen deres.
Følgende artikkel er gjengitt med tillatelse fra Toppturgutane.no. Originalartikkel finner du på deres sider

Når ein kler seg for vinterfjellet er det lurt å kle seg med fleire lag. Dette gjer det enklare å regulere varmen ved å bytte ut plagg. Kva ein har på seg er veldig individuelt, men ein grei hovudregel er ull inntil kroppen. Utanpå kan ein ha eitt eller fleire lag med vatn-avstøytande, isolerande eller vindtette lag. Nokre meiner Gore tex er best, mens andre nyttar berre softshell eller bomull. Det viktigaste er å eksperimentera litt og finne din ideelle kombinasjon ut frå dine behov og været. Her er kva vi har på oss på tur:
Boxer, (BH), skisokkar, longs (finst i ¾ lengde) og overdel,
Ull – varmt, frys ikkje sjølv om du vert våt, bra til lange turar fordi det ikkje luktar like mykje. Ull er tingen!
Buff, hals eller balaclava – evt i ull
Hanskar, ullvottar og vindvottar – veldig individuelt, men lurt å ha nokre varme og tørre vottar til nødstilfelle. Hanskar er greitt å gå i sidan det er lettare om ein skal opne lommer og liknande.
Skal alltid vera eit lag (eller meir) innanfor yttarste plagget, evt i innsydd, lukka lomme
Skredsøkaren skal vera slått på send under heile turen. Mange som vert teke av skred vert teke under turen opp. Det er særs viktig å velje gode spor på vegen opp. ”Skredfare” av Markus Landrø eller ”Den lille snøskredboka” av Kjetil Brattlien, er relevant litteratur ved bratt ferdsel i fjellet.
Ta alltid ekstra godt vare på ekstremitetane (les: armar og bein). Dersom du veit at du lett frys på føtene eller hendene så kle deg ekstra godt. Frostskadar er ikkje kjekt!
Kva ein legg i sekken er det ikkje alle som bryr seg så mykje med, men det kan verta forskjellen på ein fin og ein forferdeleg tur. Det er viktig å tenkje at det ein pakkar ikkje berre det som skal brukast dersom turen går som planlagt, men også det ein treng om noko skulle skjære seg. Igjen vert innhaldet vurdert ut frå lengde på tur og kva vêr det er, men her er ei liste over kva ein normalt sett bør ha i sekken.
Spade og søkestang – viktig å ikkje berre ha utstyret, men også å vita korleis ein brukar det. Vi anbefalar skredkurs!
Rikeleg med niste (du treng meir energi på tur når det er kaldt)
For å få plass til alt ein treng på ein skikkeleg topptur er det ofte for lite med ein 30l sekk som mange har. Då har du plass til det du uansett kjem til å bruke på turen, men ofte ikkje det ein får bruk for dersom det skjer noko uventa. Vi brukar derfor ofte sekkar på ca. 40 liter for å vera sikker på at ein har plass til det ein treng. Ein stor sekk veg ofte ikkje mange gram meir og er berre å snøra saman om du har mykje plass til overs. Dersom sekken har lyst stoff inni er det lettare å finne ting i sekken. Ekstra lomme til skredutstyr er kjekt. Opning i ryggen, samt hjelmfeste kan også gjera pakking lettare.
Her er en liten videosnutt som viser typisk bekledning for toppturer på ski:
Kom gjerne med dine eigne tips og triks i kommentarfeltet.
| Publisert | 14.03.2012 14.08 |
| Oppdatert | 14.03.2012 14.08 |
Kommentarer er fjernet etter kl. 00.00 og blir åpnet igjen kl. 06.00.
Se og følg flommen i livesenteret
155 evakuert fra Kvam i Gudbrandsdalen:
– Ødeleggelsene
er svært store
NÅ: Flere boliger evakuert etter jordras i Buskerud
