Her kan det fort bli både bot, anmeldelse og avskilting

Tilhenger-reglene er innviklet, men det er hjelp å få.

 Rune Soleide ved Førde Motorsport rår folk til å nytte tilhengarkalkulatoren til Statens vegvesen. På bildet ser vi ein såkalla to-tonnar med boggi. I bakgrunnen ligg to 750-kilos hengarar. Kva for ein har du lov til å køyre? Foto: Bent Are Iversen, Firda.no/Amedia
 Rune Soleide ved Førde Motorsport rår folk til å nytte tilhengarkalkulatoren til Statens vegvesen. På bildet ser vi ein såkalla to-tonnar med boggi. I bakgrunnen ligg to 750-kilos hengarar. Kva for ein har du lov til å køyre? Foto: Bent Are Iversen, Firda.no/Amedia

Reglane er svært innvikla, og det kan vanke både avskilting og politimelding dersom tilhengaren ikkje er i orden. Heldigvis er det hjelp å få.

«Med klasse B kan man trekke en tilhenger med tillatt totalvekt over 750 kg hvis summen av tilhengerens tillatte totalvekt + bilens tillatte totalvekt er høyst 3500 kg. Trekker man bilens tillatte totalvekt ifra 3500 kg, finner man tilhengerens maksimum tillatte totalvekt.»

Slik byrjar forklaringa til regelverket på vegvesenet sine heimesider. Deretter vert det innvikla.

– Dette er komplisert, ja. Eg har faktisk enno ikkje møtt nokon som kan forklare dette slik at ingen dett av, seier Geir Leon Hetle, inspektør i Statens vegvesen ved Førde trafikkstasjon til firda.no

Firda tek utfordringa.

Har du lov til å køyre?

Den vanlegaste fallgruva er at folk ikkje har den rette bokstaven i sertifikatet, såkalla manglande førarrett. Hovudsakleg er det bokstaven E som gir utvida rett til å køyre med tilhengar. For å få den må ein ha ekstra teorikurs og oppkøyring. Det finst likevel ein lettversjon, B96, som berre krev obligatorisk opplæring utan påfølgande førarprøve.

Vidare er det slik at alle bilar har forskjellig vekt dei har lov til å trekke. Kombiner dette med det mylderet som finst av hengarar, så du kan forvirre sjølv den mest rekneføre. Og det er før ein lastar opp hengaren.

– I fjor stoppa vi 30 personar på grunn av manglande førarrett. Det enda både med bruksforbod og politimelding. Desse skulle hatt klasse BE eller B96 på sertifikatet. Det vert dyrt! Det er så unødvendig også, dei fleste av desse 30 handla nok i god tru. Hadde dei brukt kalkulatoren vår, kunne dei truleg unngått problem, seier Hetle.

Slik ser tilhengarkalkulatoren til Statens vegvesen ut. Ein tastar inn skiltnummer på bil og hengar, krysser av for kva førarkort ein har, og får svar om ein kan køyre denne kombinasjonen eller ikkje. Kalkulatoren nyttar opplysningar frå kjøretøyregisteret. Foto: Bent Are Iversen, firda.no/Amedia.
Slik ser tilhengarkalkulatoren til Statens vegvesen ut. Ein tastar inn skiltnummer på bil og hengar, krysser av for kva førarkort ein har, og får svar om ein kan køyre denne kombinasjonen eller ikkje. Kalkulatoren nyttar opplysningar frå kjøretøyregisteret. Foto: Bent Are Iversen, firda.no/Amedia.

Kalkulatoren han siktar til, er å finne på vegvesenet sine heimesider. Det er her hjelpa kjem for dei rådville.

På nettsidene tastar ein inn skiltnummeret på bilen og hengaren, og kryssar av for kva førarkort ein har. Datamaskina reknar så ut om du har lov til å køyre den kombinasjonen, basert på opplysningane i køyretøyregisteret.

Er tilhengaren i stand?

– Tilhengarar er ofte stemoderleg behandla. Dei står gjerne utandørs og er ofte dårleg stelt. Særskilt eldre tilhengarar har ofte lysfeil, lite luft i dekka og dårlege bremser. Vi ser veldig mange dårlege hengarar. Mange klipper vi skilta av, seier Hetle.

Tilhengarar har ofte såkalla påløpsbrems. Det vil seie at når bilen bremsar, vert draget skubba framover, som i sin tur bremsar hjula på tilhengaren.

– Det er mange som slurvar med enkelt vedlikehald. Vi køyrer i saltlake! Ein kjem langt ved å smørje litt grease på påløpet, seier Rune Soleide, seljar ved Førde Motorsport.

Dei har ikkje tilhengar som hovudgeskjeft, men sel likevel om lag 70–80 tilhengarar på eit år.

– Det kan fort koste meir å reparere ein brukt hengar enn å kjøpe ein ny, seier Soleide.

Har du sikra og merkt lasta skikkeleg?

– Lastesikring er også eit stort problem. Det er viktig at ein ikkje har negativt kuletrykk, det vil seie at tilhengaren trekker bakenden på bilen oppover. Dette skjer viss lasta ligg for langt bak. Då kan tilhengaren ta styringa frå bilen når ein kjem litt opp i fart, og både bilen og hengaren kan kvelve. Dette har vi hatt fleire ulykker på, seier Hetle.

Plasseringa er ikkje det einaste ein lyt passe på. Lasta må sikrast slik at den ikkje fell av i fart, og utstikkande delar må merkast tydeleg. Det vanlegaste er likevel overlast, ifølge Hetle.

Her ser vi det såkalla draget på ein tilhengar med påløpsbrems. Her bør ein smøre i ny og ne for å sikre seg at bremsa ikkje rustar fast. Elektirske kontakter bør og sjekkast. Foto: Bent Are Iversen, firda.no/Amedia.
Her ser vi det såkalla draget på ein tilhengar med påløpsbrems. Her bør ein smøre i ny og ne for å sikre seg at bremsa ikkje rustar fast. Elektirske kontakter bør og sjekkast. Foto: Bent Are Iversen, firda.no/Amedia.

– Mange fyller hengaren med til dømes våt sand eller ved, og då kjem ein fort over den tillatne totalvekta, seier Soleide.

Bot for laust hengarfeste?

Mange trur at det er forbode å køyre med laust hengarfeste når ein ikkje har hengar montert.

– Nei, dette stemmer ikkje. Vi har aldri stoppa nokon for dette. Det einaste kravet er at hengarfestet ikkje skal dekke til skiltet på bilen. Derimot har dei ein tendens til å ruste fast over tid, så det kan vere lurt å ta det av når det ikkje er i bruk. Men forbode er det ikkje, seier Hetle.

Det viser seg nemleg at myten med dette forbodet stammar frå ein aprilspøk publisert av eit kjent bilmagasin i 2014.

Flere bil og motorsaker ra firda.no finner du her:

Les også: Her er årets store nyhet fra Volvo

Den første filmen av Volvo XC60, se video under: