Lefse / kling
Oppskrift og tekst av Bodil Nordjore

 

Kling:

Denne klingen er lett og baka om du er nybyrjar.
Den blir møyr og porøs av semulegryna. Det er ei kjend sak at om du brukar lite kveitemjøl, er du flink til og baka, når du nyttar semulegraut treng du mindre kveitemjøl. Denne deigen er lett og laga god og lett å kjevle tunne leivar av.
Den blir ikkje klissete om du mjølar deigen ferdig raskt.

Fra "Lefseboka"   Foto:  Mona Gundersen
Fra "Lefseboka"   Foto:  Mona Gundersen

Dette trenger du:

2 l mjølk
300 g smør
2 dl semulegryn
Om lag 2 – 2 ½ kg kveitemjøl (nok til breidmjøl/utbaking)

Slik gjør du:

Smør og mjølk kokast opp, ha i semulegryn og kok ein graut, lat dette småkoke i 10 min, avkjøl 4 min, tak grauten i ein bolle og mjøla til ein fin deig, ikkje for fast!
Tak deigen (nåa) ut på bakstebordet og elt inn passa med mjøl, det er litt varmt (heitt) so du kan gjerne nytte ei deigskrape til å samle deigen med.
Del opp i emne om lag 18 - 20 stk.
Lag deigemna ferdig.
Denne deigen er veldig lett og baka, lefsene blir veldig møyre med semulegryn, og so er der mindre kveitemjøl, dei blir mjukare og lettar og smørje.

Bløyt med dusjeflaske, legg leivane mellom klede, smør med mjukt og godt smør, strø med sukker til passa søtt. Brett saman (sjå ill).

Fra "Lefseboka"   Foto:  Mona Gundersen
Fra "Lefseboka"   Foto:  Mona Gundersen

 

Klingoppskrift av Annbjørg Romtveit - Vinje

 

Dette trenger du:

2 l H-mjølk
Ca 300 g smør
Ca 2 dl malne jordeple (poteter), helst Beate
2 dl vatn
2 ss sukker
2 ts salt

Slik gjør du:

Kokast opp og rørast i mixar med K – spaden, veldig forsiktig og raskt.
Kjevle fine runde leivar, steik dei på varm og god takke, akkurat passa.

Smørje:

½ kg smør
½ kg sukker
Rør dette i miksar til det blir litt luftig.

 

Klingoppskrift av Ågot Storlid-Rauland

Ågot er “lefsemor” sjølv, 82 år og ei sprek kvinne. Ho kom frå Tinn i Austbygde og vart gift med Olav på Rauland. Ho hadde med seg sine tradisjonar til bygda og dei er høgt verdsett og nytta. Ho har bygt seg eit eige bakstehus som heiter “Ta til takke”, der kjem mange som vil lære, og Ågot auser viljug av kunnskapen sin til alle.

Dette trenger du:

2 ½ kg poteter
2 dl rjome
2 dl fløyte
100 g smør
2 ts salt

Slik gjør du:

Bland saman rjome, fløyte og smelta smør med lite grann kveitemjøl, det bind feittperlene i smøret, sidan dette er ein veldig kald deig.
Bland oppi malne kalde poteter.
Tak halvparten av deigen og elt ferdig med mjøl til passa deig.
Dersom du eltar ferdig heile deigen vil den bløtne for deg, då vil deigen bli seig og ugrei og baka ut.
Du har større kontroll på heile deigen når du berre gjere ferdig halvparten om gongen. Det er veldig viktig at denne deigen er kald.
Del opp deigen og lag fine emne, det blir om lag 20 – 22 emne og til slutt leivar.
Makalaust gode.

Ågot har verkeleg baka i heile sitt liv, ho kan bakst.
Desse lefsen kan du bruke både som matlefser og til kjøt/fiskemat.
Tradisjonen tru held Ågot på desse, ho er frå Tinn sjølv og voks opp der, ho flutte til Rauland og gifte seg der på Storlid.