TV 2-reportar på direkten: – No trur eg at eg skal gå i dekning. Det vert skoten opp rakettar her

Israel har angrepet Gaza mellom 150 og 200 gonger i løpet av tysdag. Palestinarane på si side har fyrt av over 200 rakettar mot Israel.

HAGLAR GRANATER: Fredrik Græsvik er midt inne i eit krigsområde der det haglar med rakettar og granater. Og sjølv om han er van med konfliktområder, innrømmer han på Twitter at situasjonen er ubehageleg.  (Foto: TV 2/REUTERS/Mohammed Salem)

Tysdag kveld er ein av dei mest intense i krigen mellom Israel og Palestinarane. Rakettar vert stadig skoten ut frå palestinsk side, israelarane melder om 200 rakettar i løpet av dagen. Samstundes angrip Israel for full styrke, og ein reknar med mellom 150 og 200 angrep frå dei åleine i løpet av dagen. Israelske båtar bombar Gaza - Det er ikkje like intenst som i 2008/2009, men det har vore intenst til tider her. Særleg dei siste timane, sa TV 2s korrespondent