Den britiske islamisten Anjem Choudary er i Noreg denne veka for å vitna i rettssaka mot Mulla Krekar.

Men det er ikkje berre difor han er i landet.

På laurdag vil han og hans norske meinigsfeller starta organisasjonen Shari'ah4Norway. Organisasjonen er allereie på plass i land som Storbritannina, Danmark, Frankrike, Belgia, Sverige, Australia og USA.

Samarbeidar med Krekar-vener

Det er ikkje kjent kven han vil starta organisasjonen med, men like før sommaren innleia han samarbeid med mulla Krekar sine tilhengarar. Og mykje tyder på at det er personar frå dette miljøet han vil starta organisasjonen med.

Men kven er hovudpersonen bak denne organisasjonen?

DØMT: Mulla Krekar ble torsdag dømt for trusler, men frifunnet for terror. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Anjem Choudary har ein visjon om at muslimar skal ta over makta og innføre sharia-lover i Storbritannia.

LES OGSÅ: Han ønskjer at muslimar skal ta over Storbritannia

Choudary har tidlegare i intervju med TV 2 vore klar på at Storbritannia og andre vestlege land bør styrast etter sharia-lovene.

Skalkeskjul

– Storbritannia tilhøyrer ikkje Cameron, Blair eller det britiske folket. Det høyrer til Allah, og hans lover må implementerast, sa han til TV 2 i november 2010.

TV 2 prøvde fredag å få Choudry til å stilla til intervju, men det var han ikkje interessert i. Han bad oss om å ta kontakt på laurdag for meir informasjon.

På den danske nettsida kan ein lesa meir om kva dei vil kjempa for. Mellom anna vil dei forby pubar, porno og pengespel.

LES OGSÅ: Britisk islamistleder hyller Krekar

Dei vil og dekka innbyggaranes basale behov når det kjem til straum og vatn. Og både muslimar og ikkje-muslimar vil få dekka mat, klede og bustad. Øvrige ynskjer må ein jobba for. Alle bankar skal verta erstatta av statleg institusjon kalla Baitul-Maal.

SJEFEN: ¿ Me er her for å støtte vår sjef, seier denne danske muslimen. (Foto: TV 2)

Dei vil og ha gratis utdanning. Og om det skortar på arbeidskraft innan visse yrker, skal staten betala folk for å utdanna seg.

Men mykje tyder på at det er eit skalkeskjul.

– Me er her for å støtte vår sjef

Den siste tida har muslimar frå heile Europa vore i Noreg for å støtta Mulla Krekar under ankesaka hans.

– Me er her for å støtte vår sjef, vår lærde, som er i ferd med å verta undertrykt av eit system me ikkje anerkjenner, seier Abu Asadullah, medlem av Sharia 4 Danmark. til TV 2.

LES OGSÅ: – Burkaforbud kan føre til blodbad i Europa

Choudary vitna i saka, og hevda mellom anna at uttalingane Krekar er sikta for ikkje er trugsmål, men analysar.

Den britiske islamisten har tidlegare hevda at behandlinga av mulla Krekar skapar sinne blant muslimar og kan få konsekvensar for Noreg.

KREKAR-VENER: Frå heile Europa har muslimar kome for å støtta Krekar i ankesaka. Choudary sit her som nummer tre frå høgre. (Foto: TV 2)

Fleire personar som er knytt til Choudary har tidlegare vorte arrestert og dømt for planlegging av terrorhandlingar i Storbritannia.

George Readings er forskar og overvåkar og føl ekstreme islame miljø i Storbritannia.

– Ein farleg mann

– Choudary er ein veldig farleg mann. Den påverknaden han har på sine tilhengarar er farleg. Det minner nesten om ei sekt, med måten dei ser opp på Anjem på, har han tidlegare sagt til TV 2

Choudary skal ha som ambisjon om å oppretta organisasjonen i så mange land som mogleg.

Han har i ei årrekkje arrangert demonstrasjonar i Storbritannia. Dei minner mykje om liknande demonstrasjonar som me har sett i Noreg den siste tida, arrangert av Profetens Ummah.

LES OGSÅ: Radikal muslimtalsmann innkalt til politiavhør