Varmeomn eksploderte på Zachen i Bergen

Sprinklaranlegget løyste seg ut på grunn av varme frå gassomn.

DRAMATISK: Dei fyrste meldingane gjekk ut på ein dramatisk gasseksplosjon på Zachariasbryggen i Bergen. Så gale var det heldigvis ikkje. (Foto: Gunhild Tinmannsvik/TV 2)
DRAMATISK: Dei fyrste meldingane gjekk ut på ein dramatisk gasseksplosjon på Zachariasbryggen i Bergen. Så gale var det heldigvis ikkje. (Foto: Gunhild Tinmannsvik/TV 2)

- Det som har skjedd er at ein varmeomn truleg har stått for nært sprinklaranlegget, så har det eksplodert på grunn av varmen, seier Per Scahrling i Bergen brannvesen til tv2.no. Det sat to gjester rett under sprinklaranlegget på Peppes Pizza, som fekk ei våt oppleving. Men ingen personar vart skadd i hendinga. LES OGSÅ: Ulykkeshelikopter traff bakken i 200 km/t

Mer innhold fra TV 2