Følgende minneord er skrevet av TV 2 Sporten-journalist Sander Smørdal (26) - svømmer og venn av nylig avdøde Alexander Dale Oen.

«Mykje er blitt sagt om idrettsutøvaren Alexander Dale Oen. Han har også gjeve meg store stunder. Mennesket Alexander Dale Oen har gjeve meg større.

Tre månadar av mitt liv har eg tilbragt på eit rom saman med Alexander Dale Oen på Hotel Embassy Suites Flagstaff. Mandag 30. april døydde Alexander Dale Oen på eit rom på Hotel Embassy Suites Flagstaff.

Han kjefta mykje på meg, Alexander. Han meinte eg tenkte for mykje. Eg overanalyserte alt og gjorde allting så mykje større enn det trengte å vere.

– Lev livet og gje f**n, sa han.

Særskild sikta han til det negative. Der eg var ein ekspert til å sjå avgrensingar og problem, var han ein ekspert til å sjå moglegheiter og løysingar.

Eg trur eg i mi aktive toppkarriere var langt meir opptatt av svømming utanfor bassenget enn han var. Likevel stoppa eg på ein plass mellom nummer 20 og 30 i Europa. Alexander Dale Oen blei best i verden.

Grunnen er enkel: eg var (og er) opptatt av det uvesentlige med symjing når det kjem til mine eigne prestasjonar. Medan eg tenkte på kor fort alle andre sym, og kva dei gjorde, tenkte Alexander på kor fort han skulle symje og kva han skulle gjere for å klare det. Medan eg framleis tenkte på kor fort dei andre sym, tenkte Alexander på heilt andre ting.

Alexander Dale Oen (Foto: Øijord, Thomas Winje/NTB scanpix)

Og akkurat der var han ein einar. Å identifisere, saman med kyndig veiledning frå teamet rundt han, kva han trengte å gjere. Og så det som skiljer klinten frå den ultimate kveiten: Å gjere det som skal til!

Alexander var ein pionér innan landtrening i svømming. Han var kanskje den første svømmaren i verden som gjorde brorparten av si totale treningsmengde på land. Der andre telte antal kilometer symd, telte Alexander timar trent med kvalitet. Det er treninga han har gjort på land som har gjort han i stand til å trene dei enorme mengdene han i periodar har pint seg gjennom for å bli verdas beste brystsymjar.

Lev livet og gje f**n, sa han

Det er ikkje reint få av dei timane eg har delt med han, trass i at det berre er snakk om ein promille av hans totale treningsmengde. Frå 2004 trente eg nærast vekentlig 1-2 økter i lag med han, mest på land. Sjølv om det på grunn av geografisk avskilning har blitt færre dei seinare åra står øktene med basis-, styrke- og turntrening i diverse hallar rundt om i Bergen igjen som bautaar i minnet mitt.

Vi er fødd same året, eg og han. Ein del av den gyldne 85-generasjonen frå vest som dominerte norsk juniorsymjing på tidlig 2000-tal. Han var definitivt den mest gyldne av oss alle. Eg visste det vel allereie den gongen.

For Alexander Dale Oen hadde mykje større tru på meg enn eg har sjølv.

Då eg sa eg drøymde om å skrive bok, men ikkje trudde heilt på det, sa han: «Sett i gong, du skriv ikkje bok av ikkje å skrive. Eg veit du har det i deg.»

Alexander Dale Oen (Foto: LASZLO BALOGH/Reuters)

Då eg sa eg drøymde om OL, men ikkje trudde heilt på det, sa han at han hadde trua på at eg kunne klare det, på ein måte som gjer at eg trur at han trudde det.

For han visste kva som budde i ein menneskekropp, og kva ein kunne få ut av den. Det er berre synd at alle ikkje er som deg, Alexander.

Ikkje er slik at dei, som deg, finn det heilt naturlig, når du i etterkant av OL i 2008 befann deg i nærleiken av Nordfjordeid, å stikke innom barndomsheimen min – medan eg var i Bergen. Heile slekta mi lev på det enno.

– Når kjem han Alex attende, har dei spurt. No veit vi svaret.

Alexander Dale Oen var på hels med alle, kunne alle namn og visste kva alle gjorde innan kort tid. I alle fall verka det slik. Som journalistar heile verda over skriver i dag; det tok lang tid før dei kunne stille spørsmåla dei ville. Alexander var for opptatt med å få svar på det han lurte på.

For la det vere klart. Alexander Dale Oen var ein egoist, men ein egoist som også evna å vere medmenneske først og fremst. Ein som gjorde det han ville, det han trengde, men aldri til besvær for andre. Når han drog meg opp frå hotellsenga mellom øktene i dei tre opphalda i Flagstaff, og ut på eventyr med biltur, frisbeekasting, slakk line og fotografering, var det ikkje berre til hans beste – det var til mitt og.

Han var definitivt den mest gyldne av oss alle. Eg visste det vel allereie den gongen

Siste gong eg møtte Alexander var under NM i kortbane, der eg deltok. Det var også første gong eg møtte han sidan eg starta i jobben som journalist i TV 2 Sporten. Ein skadeplaga Dale Oen var i sitt sedvanlige humør og spurte med eit smil der eg kom gåande kun iført badebukse:

– Er det venen min, eller journalisten som kjem?

– Journalisten så klart, skal berre dra notatblokka opp frå baklomma, svarte eg.

Og så lo han. Han gjorde mykje av det.

Lo gjorde han også siste gongen eg såg han, etter 4x100 medley-stafetten siste dagen på same NM. Han deltok ikkje, vi vant, og han var oppriktig glad på mine vegne, sjølv om han ikkje sym for min klubb. Eg gjorde ei god etappe, og han verka imponert.

Og, ja. Glad.

Da meldinga om hans død spreia seg tirsdags formiddag var det med sjokk og vantru eg mottok meldinga. At journalistane som ringte meg klarte å få noko fornuftig ut av det eg sa, må eg berre takke for. Det er likevel så mykje meir som må seiast.

Det tragiske dødsfallet har etterlatt norsk symjing med eit stort hol det blir umulig å fylle. No må norske symjarar snu sorgen og sjokket til fandenivolskheten Alexander Dale Oen viste etter terror-angrepet i fjor. Gjer det for Alex, må bli mantraet.

Vi fekk jo aldri sagt hadet. Det er så mykje som skulle ha vore sagt. Er det noko som står klart føre meg etter dette så er det at eg skal lære av Alexander no. Det får bli mitt farvel, til ein mann eg har lært mykje av, som har gitt meg store stunder privat og sportslig, og som eg er stolt av å ha kjent.

Eg skal byrje å leve no, Alexander, for ein må verdsette tida ein får. Ein veit aldri når det tar slutt.

Men lærepengen, Alex, den var altfor hard å svelge.»

Alexander Dale Oen (Foto: Øijord, Thomas Winje/NTB scanpix)