Forsikringssvindel: Oj, bilen var visst ikke stjålet likevel

Rekordmange svindelforsøk i 2011 - se hvordan de gjorde det.

FORSIKRINGSSVINDEL: Den siste tiden har Gjensidige hentet opp ti biler som er dumpet i sjøen. (Foto: Gjensidige)
FORSIKRINGSSVINDEL: Den siste tiden har Gjensidige hentet opp ti biler som er dumpet i sjøen. (Foto: Gjensidige)

I 2011 avslørte forsikringsselskapet Gjensidige åleine forsikringssvindel for 325 millionar kroner, og dette er det høgste selskapet nokon gong har registrert.

Til samanlikning vart det svindla for 268 millionar kroner i 2010.

I tala til Gjensidige går det fram at det i Sogn og Fjordane vart forsøkt svindla for seks millionar kroner, melder Firda.

Del med dine Facebook-venner

- Eg er svært overraska over at folk ikkje tenkjer over konsekvensane av forsikringssvindel, at dei tek sjansen på å miste erstatning på eit krav som ofte er reelt før dei prøver å svindle til seg noko ekstra. I tillegg vert dei politimelde og risikerer både fengselsstraff og bøter, seier utgreiar Vidar Erichsen i Gjensidige.

Bilkyrkjegardar på havet

Dei siste vekene har selskapet avdekt fleire bilkyrkjegardar på botnen av havet på Vestlandet. Meir enn ti bilar er henta opp frå djupna, og Gjensidige mistenkjer fleire av eigarane for forsikringssvindel.

Arrangerte kollisjonar er også blant typiske forsøk på forsikringssvindel. Foto: Gjensidige
Arrangerte kollisjonar er også blant typiske forsøk på forsikringssvindel. Foto: Gjensidige

Ifølgje Erichsen er den vanlegaste grunnen til denne type svindel, at eigaren har ein bil som vedkommande ikkje får selt eller at det er for dyrt å reparere den.

For nokre vert det då for freistande å kvitte seg med bilen for å unngå eit tapsprosjekt.

- Dei fleste trur bilen er borte for godt, men fangstane som er gjort viser at det meste dukkar opp til overflata igjen, seier Erichsen.

Eigne etterforskarar

Han fortel at dei har auka innsatsen på å avdekke svindel, og at dei er blitt flinkare til å oppdage dei aktuelle sakene.

- Alarmklokkene ringjer når folk har store krav med liten dokumentasjon. Det er gjerne saker som er knytt til innbrot, tjuveri og erstatningar etter brannar, forklarer Erichsen.

Standar prosedyre er at selskapet då politimelder mistanken om svindel. I tillegg til politietterforskinga som vert gjort, har også Gjensidige eigne etterforskarar og teknikarar som går inn i sakene for å dokumentere om det er gjort forsøk på svindel.

LES OGSÅ: - Unnasluntring kan gi livslange problemer

Tent på eige hus

- Svindelforsøka dreiar seg om alt frå småpengar til millionbeløp, og dei skjer i alle samfunnslag og aldersgrupper. Blant sakene eg har hatt i år er dei som har prøvd seg på svindel i alderen frå 20 år til 70 år, seier Erichsen.

Gjensidige har avdekt svindelforsøkt der bileigar har meldt bil stolen, men etterforskinga har vist at vedkommande sjølv har sett fyr på bilen. Foto: Gjensidige
Gjensidige har avdekt svindelforsøkt der bileigar har meldt bil stolen, men etterforskinga har vist at vedkommande sjølv har sett fyr på bilen. Foto: Gjensidige

Han nemner også at dei har saker frå fylket der folk har tent på sitt eige hus for å svindle til seg erstatning.

Gjensidige politimelde 150 personar i Norge for forsikringssvindel i 2011. Svindel knytt til gjenstandar stod for 250 millionar kroner, mens svindel med personforsikringar stod for 50 millionar kroner.

Eksempel på forsikringsvindel: - Gjensidige har trekt fram nokre eksempel på svindelforsøk dei har avdekt. - Kunde la en frosen hund på jernbanesporet for å få utbetalt ei ulykkesforsikring. - Verdifulle og antikke møblar vart meldt skadde etter brann. Kunden trudde alt var utbrent, men undersøkingar viste at alle skruane på staden stamma frå IKEA. - Tjuveri av innbu der dører og vindauge viser seg å vere knuste frå innsida. - I fleire reelle saker der tap av bagasje og tjuveri skjer på reise, prøver enkelte kundar å føre på meir enn det som faktisk er stole. For å avdekke slik svindel prøver Gjensidige til dømes å fylle ein koffert tilsvarande den som er meldt sakna med alt som forsvann. I enkelet tilfelle viser det seg at berre halvparten av det kunden oppgav fekk plass i sjølve kofferten. - Dei som køyrer bilar utfor ei kai, eller forsøker å dumpe dei i sjøen på andre måtar, trur at bilen søkk på ein, to, tre. I eit tilfelle førte sterk straum bilen over på ein liten odde, der bilen stod kubb fast. Ein anna bil sette seg fast på brygga med to hjul utanfor kaien. - Arrangerte kollisjonar, der to personar avtalar seg i mellom å melde inn skade på to bilar for å heve forsikringssum. - Kunde melde bil stolen som vart funne igjen utbrent. Tilfeldigvis hadde noko sett eigaren i nærleiken av der bilen vart funnen utbrend.

- Gjensidige har trekt fram nokre eksempel på svindelforsøk dei har avdekt.

- Kunde la en frosen hund på jernbanesporet for å få utbetalt ei ulykkesforsikring.

- Verdifulle og antikke møblar vart meldt skadde etter brann. Kunden trudde alt var utbrent, men undersøkingar viste at alle skruane på staden stamma frå IKEA.

- Tjuveri av innbu der dører og vindauge viser seg å vere knuste frå innsida.

- I fleire reelle saker der tap av bagasje og tjuveri skjer på reise, prøver enkelte kundar å føre på meir enn det som faktisk er stole. For å avdekke slik svindel prøver Gjensidige til dømes å fylle ein koffert tilsvarande den som er meldt sakna med alt som forsvann. I enkelet tilfelle viser det seg at berre halvparten av det kunden oppgav fekk plass i sjølve kofferten.

- Dei som køyrer bilar utfor ei kai, eller forsøker å dumpe dei i sjøen på andre måtar, trur at bilen søkk på ein, to, tre. I eit tilfelle førte sterk straum bilen over på ein liten odde, der bilen stod kubb fast. Ein anna bil sette seg fast på brygga med to hjul utanfor kaien.

- Arrangerte kollisjonar, der to personar avtalar seg i mellom å melde inn skade på to bilar for å heve forsikringssum.

- Kunde melde bil stolen som vart funne igjen utbrent. Tilfeldigvis hadde noko sett eigaren i nærleiken av der bilen vart funnen utbrend.

Les flere bil- og motorsaker i Firdas motormagasin

LES OGSÅ: Slik svindler vi på bilforsikringen